Dagsavisen.no / Kultur / Musikk /
Sidsels song!
Ho var den musikalske sensasjonen den førre veka med ein sleppkonsert på Herr Nilsen med eit publikum som elska henne. Ikkje hadde eg høyrt om Sidsel Strømnes før, ein songar i mogen alder som av yrke er sosionom, som har skrive all tekst og musikk sjølv til songar ho framfører med ei stemme og ein stil som om ikkje hadde gjort anna.
Og bandet? Får vi presentere Sidsel Strømme frå Moss, vokal, Terje Norum, keyboard, Johnny Aasgaard, gitar, Finn Tore Tokle, bass, Eivind Kløverød, trommer og Stig Roar Wigestrand, fiolin. Mange kjende musikantar med ei til no ikkje så kjend, modig kvinne som med mogen, sterk stemme tar steget inn i musikkverda vår med noko ho har på hjartet. Tittelen «Beyond Amber» (Via Music/Musikkoperatørene) er inspirert av den ravliknande fargen mellom «Moss-fargen» gul og oransje. Vare og vakre songar, balladar og andre, framført til eit nydeleg tonefølgje frå musikarar som i varierande konstellasjonar gjer det til ein heilskap. Ei av haustens finaste plater.
Lou tar av
Frå nyutgjevingsserien The Rudy van Gelder Edition frå Blue Note hentar vi denne veka Lou Donaldsons «Lou Takes Off» (EMI/Blue Note). Altsaksofonisten Donaldson fødd i 1926 lever og har vore aktiv opp mot vår tid. Blue Note-innspelingane med Art Blakey Quintet på femtitalet er legendariske. Her tar han av med sitt eige band i 1957 med Donald Byrd, Curtis Fuller, Sonny Clark, Jamil Nasser (bass) og Art Taylor.



