Dagsavisen.no / Kultur / Musikk /
Uslåelege Ornette!
Fire unge norske band kjempa om førsteplassen i den norske jazztevlinga i går. Etterpå viste Ornette Coleman (78) at han i sitt metier framleis er utan konkurranse.
MOLDE (Dagavisen): Det var ein konsert der den gamle meister i tillegg til det faste bandet brått også henta inn Patti Smith på scenen. Ho resiterte ein tekst understreka av eit barokkliknande bassunderlag, etterpå song den ukjende Mari Okubo ein song.
Ut over det høyrde vi den klassiske Ornette Coleman med ein sound i hornet du kjenner att over alle hav, med låtar som sluttar like brått som dei byrja, pluss Ornettes vakre blueslåt, med eit band der dei to bassistane, ein elektrisk og ein akustisk, like ofte lyder som bass og gitar. Trompeten og fiolinen til Ornette var på plass, men den klassiske altsaksofontonen er definitivt Colemans varemerke.
Stadig høyrer eg folk undre seg over korleis det går med han, mannen som revolusjonerte jazzen for 50 år sidan saman med Charlie Haden, Don Cherry og Billy Higgins, og som fekk null stjerner i Down Beat for albumet «This Our Music». For to år sidan tok han den første Pulitzerprisen vunnen av ein jazzmusikar for albumet «Sound Grammar».
I fjor var han kongen av Kongsberg, og det var med nesten den same besetninga han erobra Moldefestivalen med, i går med sonen Denardo Coleman på trommer, Albert McDowell og Tony Falanga på elektrisk og akustisk bass.
Konsertdagen
Så langt toppa Ornette Coleman det konsertprogrammet som fekk ein pangstart med den første konserten med Marilyn Mazur. I går var ho like høgt og lågt då ho sjølv hadde konsertpause. Unge kvinnelege instrumentalistar avslutta jazzcampen sin med utekonsert, og der dukka Marilyn opp bak trommene, før ho heldt ein masterclass ved Jazzakademiet. Instruktør og bandleiar for jentene var den canadiske saksofonisten Christine Jensen, søster til den internasjonalt kjende trompetist Ingrid Jensen.
Storinnrykk
Det var også dagen for musikalske storinntrykk, med konsertar seinare på kvelden med Manu Katché Band, Brad Mehldau Trio og Elephant9, ein rå, norsk platefersk trio med Ståle Storløkken i spissen. Men kvelden som fekk slik brakopning måndag gjekk først i mål først med ein fantastisk konsert med Kobert og Trondheim Jazzfestival.
Ovasjonane ville ingen ende ta, på ein kveld då bandmedlemmene også spela på glas. Etterpå var det nattkonsert med festivaldronninga Karin Krog (71) og Steve Kuhns eminente trio. Etter at ho runda sytti verkar Karin Krog meir vital enn nokosinne. I landet til Nora Brockstedt er det tradisjon for slikt.
Jazzvinnar
Jazztevlinga enda med siger for favorittbandet til Dagsavisens utsende. Albatrosh vann i ein konkurranse med stor musikalsk og stilmessig spennvidde. Men juryen var samstemt om vinnaren, ein heilakustisk duo med pianist Eyolf Dale og saksofonist André Roligheten.


