Dagsavisen.no / Kultur / Musikk /
Døra til Mathias Eick
Musikk han høyrde gjennom ei gjennom ei open studiodør inspirerte til tittelsporet på debutplata til Mathias Eick. Han opnar dørene til sitt musikalsk univers på eit strålande album.
«The Door» er første spor på det lenge etterlengta albumet av same namn til trompetisten, som sist eg møtte han spela han seks instrument og i endå fleire band. Det var i Molde i fjor, då jazzverda først fekk høyre bandet der medspelarane er for veteranar å rekne i høve til debutanten.
«Eg går den motsette vegen av Miles. Eg følte at eg også som sjef kunne lære mest av dei som har vore mine heltar», sa Eick, og med Jon Balke (piano), Audun Kleive (trommer) og Audun Erlien (bass) leverte han med assistanse av den svenske vibrafonisten Mattias Ståhl ein av festivalens finaste konsertar.
På debutalbumet spelar han like godt vibrafon sjølv, og har lagt gitaren til instrumentlista. Og som gjest har han også med Stian Carstensen, ein annan multi-instrumentalist og tidlegare medspelar som her trakterer steelgitar. Men først og sist handlar det om ein musikar og komponist som med trompettonen sin forgyller all musikk han er med på. Han er jazzens store lyrikar, og om «The Door» er tittelsporet, er det i mine øyre med den vidunderlege vakre oppfølgjaren «Stavanger» at han leverer dette albumets absolutte hitlåt.
Musikalsk rom
Merittlista hans er lang, frå då han spela med Chick Corea i Trondheim Jazzorkester til samarbeidet med Manu Katche på turné og plate. For dei som tykkjer han venta for lenge med debuten, var debutanten Nils Petter Molvær, ein musikar som har hatt mykje å seie for han, eldre.
Om Mathias er den ubestridde sjefen, gir han rikeleg med spelerom ikkje minst til pianisten Jon Balke. Albumets sakrale låt heiter «Cologne Blues» med Audun Erliens meisterlege, minimalistiske basspel. Audun Kleive kompletterer bildet og den sterke, musikalske samverknaden på dette albumet, vårens og kanskje årets finaste plateslepp.
Jazz i ro
Bjørn Klakegg lagar musikk som slentrar av garde, som då han for to år sidan gav ut «A Day With No Plans At All». «Sidewalk View» er tittelen på årets album, eit bod om at musikken tek oss med på mange slags sidevegar, frå eit band som med gitar, perkusjon, trompet, melodika, harmonium, piano og synth fordelt på kvartetten Bjørn Klakegg, Harald Skullerud, Per Willy Aaserud og Andreas Utnem leverer eit mangslunge musikalsk bilete. Det er noko landleg, heimleg, country og hillbilly-aktig over det heile, musikk som set deg i godlag.
Då bandet hans heitte NUKU platedebuterte Klakegg i 1992 ned «Det absolutte nullpunkt». I 1999 kom «Gloria», Klakegg har spela i Out To Lunch, Extended Noise. 4G, og når bassist Terje Gewelt gav ut albumet «As Time Stood Still» var Klakegg liksom sjølvskriven i bandet.
«Sidewalk View» er full av vakre titlar til vakker musikk, «She Was Mine», «Simpler Times», «Inside My Pocket», «Half Past Eleven Calls», for ikkje å snakke om «Sitting Safe». Eit album for melankolikarar og alle andre.
Solid album
Det er fort gjort å kalle det «solid jazz» når bandet heiter Solid, men det nye albumet «Happy Accident», som denne veka hadde slepp på den nye jazzscena i Oslo, er meir enn det. Med det tradisjonsrike formatet gitar (Bjørn Vidar Solli), orgel (Daniel Formo) og trommer (Håkon Mjåset Johansen) har Solid gjort internasjonal furore i åra etter det i 2002 vann den norske jazzintro-konkurransen.
Det første albumet kom aldri ut i Norge, men i Getxo i Spania i 2003, der dei vann ein internasjonal jazzkonkurranse. Mest blest vart det om albumet «Solid» som kom ut i 2005, det året bandet mellom anna var på turné i Nepal og India og var stor attraksjon under Jazzmandu-festivalen i Kathmandu.
Det svingar som det skal i dette trioformatet når bandet legg i veg på ei plate med mest sjølvskriven musikk, med røter frå meir enn eitt jazzkontinent. Eit nytt album med forrykande moderne jazz frå Solid.
«The Door»
ECM (Musikkoperatørene)
«Sidewalk View»
Curling Legs (Musikkoperatørene)
«Happy Accidents»
AIM (Musikkoperatørene)




