Kultur

Jon Fosse vil ikkje bruke andre

Nynorsk verdslitteratur, nynorskteater i Bergen, og eit nesten ferdigskrive sjubandsverk. Alt går rette vegen for Jon Fosse for tida. Men å dikte om folk han kjenner, meiner han framleis blir feil.

– Eg dømmer ingen. Men sjølv vil eg ikkje bruke andre i det eg skriv. Eg meiner ikkje eg har rett på det, seier Jon Fosse til Dagsavisen.

– For meg er det sånn at om eg bruker nokon frå mitt eige liv i det eg skriv, så løftar det seg aldri. Det er umogleg for meg. Eg må dikte det opp, det eg skriv. Bli overraska sjølv, over det eg har dikta. Rå skaping framfor rå gjengjeving. Andre har det på andre måtar. Karl Ove gjekk jo på Skrivekunstakademiet då eg var lærar. Eg sa desse tinga då òg. Han gjorde nøyaktig motsett. Så han var ein god elev.

Jon Fosse smiler lurt. Medan den store litteraturdebatten i Noreg om dagen dreier seg om bruken av levande modellar i bøker, og om dette er etisk forsvarleg, er Fosse oppteken med noko heilt anna: Ferdiggjeringa av eit stort epos, og omsetjinga av moderne klassikarar.

Les også: Jon Fosse – hele Edda-intervjuet

Klassikarar på nynorsk

For å ta det siste først: Denne veka kom «Forvandlinga og andre forteljingar» av Franz Kafka (1883-1924) i ei ny nynorsk praktutgåve, omsett av Jon Fosse. Det er første bok ut i Skald forlag sin nye serie med omsetjingar av moderne klassikarar. Fleire titlar kjem til å kome.

– Då ein skulle etablere nynorsken som språk, var noko av det viktiaste å vise at nynorsk kan brukast i alle samanhengar. Også til litteratur. Først kom sjølvsagt Bibelen, i 1921. Så Dante, Shakespeare, og ein del greske tragediar, forklarer Fosse.

Men så stoppa det opp.

– Særs få av dei nyare, modernistiske litterære klassikarane finst på nynorsk. Sjølvsagt treng vi desse på nynorsk, på linje med færøysk, islandsk og bokmål eller riksmål. Dette er noko eg har jobba med sidan midten av åttitalet. Omsetjing av moderne klassikarar er ei av to saker eg har engasjert meg i lenge. Den andre er etableringa av eit nynorskteater i Bergen. No lukkast begge, seier Fosse.

Det han siktar til, er at nynorskteateret Hordaland Teater i år flytta frå Sogn til Logen like ved Den Nationale Scene i Bergen sentrum. Ifølge teatersjefen der er planen å spele Fosse minst ein gong i året.

Følg Dagsavisen på Facebook og Twitter!

Draum om hausten

I Oslo finst der allereie eit reint nynorskteater. Laurdag neste veke har Det Norske Teatret premiere på Jon Fosse sin «Draum om hausten», på hovudscena. Det er sjeldan. Fosse er oftast å sjå på små scenar. I alle fall i Noreg.

– Eg har aldri vore så oppteken av små og store scenar. Men stykka mine fungerer faktisk best på store scener. Det er det motsette av det ein gjerne trur, at små stykke passar best i små rom. Dei gjer seg betre med plass rundt. Men eg forstår også at teatera kvir seg for å setje meg opp i stor sal. Dei skal jo tene pengar.

Den einaste gongen Fosse er vist på stor scene i Noreg tidlegare, var då «Eg er vinden» blei vist i Bergen og på Nationaltheatret.

– No er eg pessimist, men «Draum om hausten» går heilt sikkert dårleg for Det Norske Teatret. Framsyninga blir bra, men besøket dårleg. Sjølv om same stykke drog 55.000 besøkande i Paris nokre år tilbake. Men det er lett å skjøne at ingen blir profet i si eiga bygd. Folk er meir skeptiske til å sjå stykke av meg i Noreg enn i lat oss seie Frankrike. Så eg er glad teateret tek sjansen på meg.

Kommentar: Nordens beste romanforfattar

1500-sidersverk

For litt under eitt år sidan, fekk Jon Fosse Nordisk Råds litteraturpris. Då uttala han at han alltid hadde lika best å skrive prosa, framfor dramatikk. Sjølv om det nok er som dramatikar han er best kjend i verda, og dramatikken som gjer at han stadig figurerer på tippebyrålistene over dei som kan kome til å vinne Nobelprisen i litteratur.

– Eg skreiv dramatikk i tjue år. Så tok eg ein pause kor eg omsette, blant anna Kafka og eit par andre bøker i Skald sin klassikarserie. Etter det har eg skrive prosa. No held eg på med eit råmanus på 1500 sider. Det er delt i sju delar, så eg kallar det «Septologien». I 2019 kjem band ein og to, i 2020 neste band, og så eitt til i 2021.

Men kva manuset handlar om, vil han ikkje røpe.

– Vent og sjå! Eg hadde lyst å roe ned, bruke god tid. Eg trudde ikkje skrivinga skulle gå såpass greitt som ho gjorde. No nærmar eg meg ferdig. Kvar av dei sju delene blir på lengd med ein vanleg roman. Det kunne sjølvsagt blitt ein tjukk roman i staden for sju bøker, men det ville eg ikkje. Det er liksom sjølve manndomsprøven, det, dette å skrive éi skikkeleg tjukk bok. Kanskje er det nett derfor eg ikkje ville prøve på det, ler Fosse.

Anmeldelse: Nasjonalromantisk Fosse

Mer fra Dagsavisen