Det er den første aulakonserten til jazzvokalisten, som på festivalen i Oslo i fjor hadde tidenes reunion med den svenske pianisten og jazzlegenda, med innspeling av plate rett etterpå. «Cabin In The Sky» kom ut 29 år etter dei to i 1982 spelte inn duoalbumet «Two Of A Kind». Hallberg kom etter år i musikalsk eksil også med soloalbumet «Live At Jazzens Museum», og nestoren som 15. september fyller åtti, er framleis i støtet, med ei tredje plate saman med den yngre landsmannen og pianisten Jan Lundgren.
Ny plate
- Når skal du og Bengt Hallberg følgje opp suksessen?
- Vi har snakka saman fleire gonger, og arbeider med det for auget, seier Krog, som ikkje er så lite stolt av å debutere i Universitetets aula den same veka som Bugge Wesseltoft har hatt sin første konsert der.
- Vi to har aldri spelt saman, men vi hadde eit innslag på festivalopninga i operaen høve 75 årsjubileet mitt. Etterpå fekk han som fortent Ella-prisen.
Også oldefar
- Det er aldri for seint med ein auladebut?
- Då det var hovudstadens konsertlokale var det stor stas, og i debutantalder er eg fem år yngre enn oldefar, som hadde sin første konsert der i 1913, åtti år gamal.
Han heitte Anders Heyerdahl, og Karin Krog gav i 2006 ut musikk av og med han på plata «Huskonsert i Aurskog».
- Bengt Hallberg og eg har hatt suksess også på svenske jazzfestivalar, og det er stadig like fantastisk å samarbeide på scena, seier Karin Krog.
Karin Krog og Bengt Hallberg har konsert i Universitetets aula i kveld.
rohelghe@online.no
«I debutantalder er eg fem år yngre enn oldefar.»
Karin Krog (75)
ab











