Roman
Stephen J. Walton
«Roadmovie. Manuset»
Aschehoug

Humoristisk lærebok

Forfattaren er daud.

 

«Å gud, tenkte Bodvin. Korleis faen enda eg opp her?»

Han er hovudpersonen i nynorskprofessor Stephen J. Waltons debut som romanforfattar, etter fleire sakprosabøker. Ein ynkeleg type, einsam og skiten og fattig, busett i ei bygd langt unna folk, utan venner eller familie. Arbeider som omsetjar frå tysk og engelsk til nynorsk, i den grad han arbeider.

«For Bodvin sjølv var dette naturlegvis eit såkalla retorisk spørsmåla, altså eit spørsmål han sjølv visste svaret på og dermed ikkje trong grunde djupt på».

 

Ikkje som dei andre

Vi andre, lesarane, får derimot vite svaret nokså kjapt. Under overskrifta «Bodvins bedrøvelege livssoge» heiter det at «Dette blir nok ikkje lystig lesnad, så vi kan gjere oss så fort ferdig med det som det i det heile går an. (...) Som det heiter i sidemålsundervisninga: Dette her må vi jo berre igjennom. Men de (...) kjem ikkje til å bli plaga med enda ein nynorsk oppvekstroman frå etterkrigstida. Eg lovar».

Og lovnaden held. I staden er «Roadmovie. Manuset» ei forsøksvis humoristisk, sjangeroverstridande og kulturkritisk metaforteljing om å fortelje - litteratur som peikar med stø finger på at han er litteratur, og inviterer lesaren med på ei fabulering rundt kva fiksjon eigentleg er for noko.

 

Akademisk harsellas

For å ta humoren først:

Her er sleivspark i mange retningar. Aller flest mot byråkratiseringa av akademia, i ein humørfylt, revyaktig overdriven harsellas med det fiktive Universitetet i Haugesunds tverrfaglege senter for Performanse, informatikk og samfunnsstudiar - PISS, kor Bodvin er stipendiat. Han forskar på kjøleskapsinnhald, ved ein institusjon som er spesielt stolt av hermetikkfabrikknedleggingskompetansen sin. Forskarane forskar elles ikkje, dei skriv søknader og mobbar kvarandre. Viss dei likevel gjer noko, er fagfelta dei vier seg til latterleg snevre og komisk teoretiske, ofte prega av meiningslaust tverrfaglege føringar.

Ved det krampenorske litle amerikanske colleget han sidan hamnar på, går det heller ikkje så bra med Bodvin, sjølv om utfordringane der er av det meir klassiske, libidodrivne slaget.

Romanen er full av tragikomikk, ikkje minst på Bodvins bekostning. Det vert tulla med alt frå bokmålsfolk til amerikanarar, kjønn og makt og klisjefylte draumar om Amerika. Mykje fungerer, anna blir pinleg og blødmete - når vitsen er gammal eller opplegget for tydeleg. Det er, på godt og vondt, noko «vestlandsk» med mykje av humoren - ei motkulturell posisjonering som både er sjarmerande og litt søkt, representert til dømes ved Bodvins innbitte bokmålshat.

 

Lærebok i litteratur

Problematisk er det dessutan at romanen tenderer mot det overdrivent didaktiske, belærande.

Forklaringa av kva eit retorisk spørsmål er, er eit tidleg døme. Etter som teksten skrid fram og blir meir og meir sjølvframvisande, blir lærebokfaktoren stadig tydelegare. Omgrep etter omgrep frå litteratur- og kulturvitskapane vert introduserte og «tilfeldig» forklara, til det heile kulminerer i ein lang metalitterær diskusjon om kva som er forskjellen på ein forfattar og ein forteljar og ein romanfigur - kan forfattaren halda fram med å vera forfattaren etter at han (eller ho) sjølv har tredd inn i sin eigen tekst? Eller blir han då berre ein romanfigur på linje med dei andre?

 

Grunnfagsnivå

Gjenkjenneleg grunnfagsspørsmål («Nå heter det forresten 100-nivå»), det der. Det er ein frisk vri at forfattaren sjølv spaserer inn i si eiga bok under fullt namn, og gir seg i kast med å diskutere liv og litteratur med sine eigne oppdikta figurar, men poenget er kanskje tværa litt langt ut.

Likevel er «Roadmovie. Manuset» ei morosam bok, verdt timane det tek å lese. Forfattar (ikkje forteljar!) Walton skal ha ros for å prøve å vere annleis midt oppi straumen av nettopp oppskriftsmessige oppvekstromanar. Han kan berre tene på å luke vekk ein del vitsar og noko av undervisninga neste gong.

«Walton skal ha ros for å prøve å vere annleis enn oppskriftsmessige oppvekstromanar.»