Kultur

Eventyrleg bra Kvitebjørn

Vaksne og barn sit som bergtekne frå «det var ei gong» til «snipp snapp snute» i Det Norske Teatrets magisk gode «Kvitebjørn kong Valemon».

Dagsavisen anmelder

Bilde 1 av 4

Se flere bilder fra forestillingen i vinduet over!

6

FAMILIETEATER

«Kvitebjørn kong Valemon»

Det norske teatret, urpremiere 16. april

Av: Ola E. Bø og Mari Moen etter norske folkeeventyr

Regi: Ingrid Weme Nilsen

Scenografi/kostyme: Unni Walstad

Av og til møtest forteljing og skodespel, musikk og scenografi, det tradisjonelle og det nyskapande – og blir på magisk vis noko langt større enn summen av delane. Det norske teatret si heilt nye familieforestilling «Kvitebjørn kong Valemon» er gjennomtrekt av sånn magi, frå første til siste scene.

Dramaet byggjer seg ikkje opp. Nei, det startar rett på, midt i magien, i det ein svær, kvit bjørn brøler og ber seg på scenen, og heksa kaklar forrykt. Kan bjørnen vere ekte? Ungane veit ikkje heilt kva dei skal tru. Spanande, er det, eigentleg litt skummelt. Så følgjer ein kortversjon av eventyret om kvitebjørnen, fortald av ein far til dei tre døtrene sine i ein idyllisk leggescene, medan mor puslar støttande rundt, og Jenta med strengeleiken – helten vår – blir introdusert. Nokre av orda i eventyret faren les er litt vanskelege, men det gjer ingenting. Ein lengre versjon følgjer.

Lengre, men aldri langdryg. Her sit barn og vaksne med auger som tinntallerkar heile forestillinga, og ler og skjelv om kvarandre. Det handlar om Jenta som forelskar seg prinsen, han som er forheksa av den fæle heksa til å vere bjørn om dagen og mann bare om natta – og som kjem til å måtte gifte seg med heksa om nokon ser korleis han ser ut i menneskeham. Bare Jenta sin kjærleik kan redde han.

Men ikkje før ho først har gitt frå seg tre nyfødde jentebarn, tabba seg ut med ulovleg nattespionasje, og sidan gått gjennom mange og lange prøvingar. På vegen møter ho tre gode hjelparar som forsyner ho med magiske rekvisittar. Og så endar heldigvis alt godt til slutt, med bryllup mellom dei rette elskande, og heksa som nedslegen tapar.

Følg Dagsavisen på Facebook og Twitter!

Scenografien er vidunderleg. Tilsynelatande enkel, men desto meir verknadsfull. Høge, stiliserte tre illuderer skog, og vert lyssette i varmt eller kaldt farga lys frå ulike vinklar, i ro eller rørsle. Det bygger effektivt opp varm tryggleik eller skummelt drama i handlinga. Eit par senger, eit bord og to stolar er elles alt skodespelarane har å støtte seg på.

Til gjengjeld er her flygande servise! Også dette særs godt gjennomført teknisk, slik at ingen under og få over ti år forstår korleis det kan gå til, at kjevla, kanna og koppen svevar i rommet – og snakkar! Det minner om Disney-versjonen av kvitebjørnens franske søskenbarn, «Skjønnheten og udyret». Men på den gode måten.

Eller om ein musikal. For her spelar musikken ei viktig rolle, utan å peike for hardt på seg sjølv. Flest tema og songar er henta frå folkemusikktradisjonen, men også ei notidig vise som «Psykisk kan du vera sjøl» av Stein Torleif Bjella sklir godt inn i heilskapen. Og då heksa møter Jenta til episk songduell, skjer det til tonane av Jennifer Rushs nattønskefavoritt «Power of Love», sjølvsagt på nynorsk. Festleg for dei vaksne, men blodig alvor for dei yngste. Dagsavisens femårige testpublikummar skvatt opp på fanget, så skummel var den skrekkelege heksa som song så grufullt uhyggeleg. På same vis flirar dei vaksne, kanskje særs kvinnene, godt då eit forsiktig kyss mellom Jenta og Valemon tre sekund seinare er blitt til eit nyfødd jentebarn, attpå til tre gonger på rappen. Ungane, derimot, deler Silje Lundblad, alias Jenta, sin godt spelte desperasjon over at kvitebjørnen stikk av med alle babyane.

Les anmeldelse: En fantasivenn fra helvete på Det norske teatret

Heksa vert spela av Hans Rønningen, som heilt tydeleg storkosar seg med vondskapen sin. Han held ingenting tilbake, og er Heks med stor H, med både utsjånad, stemme og kroppsspråk som henta frå ein klassisk teiknefilm. Det krever sin skodespelar, å pusta liv i ein klisje med spiss hatt og krokete nase, og det klarer Rønningen her. Silje Lundblad gjer ein god og truverdig figur som Jenta, og Morten Svartveit som Valemon. Tre unge jenter lever seg godt inn i barnerollene, også i samspel med Judy Nyambura Karanja som god hjelpar.

«Ho må gi seg heilt over til eventyret», er løysinga då Jenta ikkje veit korleis ho skal redde Valemon frå heksa og bjørnehamen. I denne forestillinga er det lett. «Kvitebjørn kong Valemon» er trugen mot tradisjonen, mot eventyret slik eventyr skal vere. Men fordi vi også skriv 2016, gir det all verdas meining at den sterke, handlande unge kvinna til slutt sveiper prinsen mot golvet – ikkje omvendt – og plantar eit solid kyss på brudgomen sin. – Og er dei ikkje døde, så lever dei vel enno...

Les anmeldelse: Karsten og Petra blir til et trygt og traust småbarnsteater