FORTELJING

Jon Fosse

«Olavs draumar»

Samlaget

 

Ein ung mann kjem gåande langs vegen. Han heiter Olav, ikkje Asle som før, og no skal han «til Bjørgvin og få ærendet sitt der gjort ... og han ser ein mann der framføre seg på vegen, ganske langt framføre seg, rett nok, men kven er det, drog han kjensel på mannen, han hadde vel sett han før, kanskje, det var noko med måten han gjekk på, samankrøkt, men sikkert på om han hadde sett han før det var han jo ikkje, og kvifor skulle det gå ein mann framføre han her, langs vegen i Barmen, for det var då aldri nokon å sjå her, og så var han der brått, mannen, og no gjekk han der framføre han på vegen».

 

Uro i teksten

Uroa er sådd, allereie på den første av Jon Fosse si 75 sider lange forteljing om Olavs draumar. Og uroa varer. For Gamlingen på vegen vil ikkje la Olav i fred, men insisterer, i fleire omgangar, på at Olav eigentleg heiter Asle, og har noko alvorleg på samvitet.

Den som har lese «Andvake», Jon Fosse si forteljing frå 2007, vil vita at Gamlingen har rett. Der handlar det om det fattige unge paret Asle og Alida, som i førmoderne tid vandrar rundt i eit ugjestmildt Bjørgvin. Ho er høggravid, begge er slitne, han drep dei som kjem i vegen for dei. Ikkje berre ei, men to gonger. Det er derfor paret no har bytta namn til Olav og Åsa, og flytta langt unna byen.

 

Drapsmann

«Olavs draumar» plukkar med andre ord opp tråden der «Andvake» slapp. Det har fordelar og ulemper. For ein som har lese «Andvake» og blitt glad i personane, er saka grei. Det er stor spaning knytt til kva som vil skje vidare, med Olav, med Åsa, og med den vesle sonen deira. Sympatien ligg klart planta hos det unge paret, til og med hos drapsmannen Olav:

«og i det same kjende Olav at det sokk i han og han sleit seg laus og han snudde seg bort frå Gamlingen og så, tenkte Olav, og så vart det feil att, tenkjer han, alltid blir det slik, og kvifor skulle han no seia det, at Gamlingen ikkje skulle bry seg, kvifor må han vel alltid seia slikt, kva er det med han, kvifor kan han vel ikkje seia det som rett er, som skikkeleg er, kvifor er han slik, tenkjer Olav og i det same kjenner han seg så annleis, han ser annleis, kanskje, eller han høyrer annleis, kanskje, eller kva det no er og han Gamlingen, kven var no det, tenkjer Olav».

 

Enklare tema

Men for ein lesar som ikkje kjenner «Andvake» må «Olavs draumar» by på større utfordringar. Perspektivet blir eit anna, Olav ein mindre likandes kar. Kanskje bryr ein seg også mindre om han og den vesle familien hans, lurer mindre på kva som har skjedd og vil skje vidare. Det hjelper heller ikkje at tematikken er smalare, handlinga enklare i «Olavs draumar» enn i «Andvake». Sistnemnde krinsar rundt store problemstillingar som fødsel og død, kjærleik og kunst, einsemd og tosemd, fattigdom og desperasjon og korvidt det er mogleg å bryta med arv og miljø.

«Olavs draumar» loddar grunnare. Her handlar det først og fremst om skuld og hemn. Går det an å legge historia bak seg? Og kva er det som dreg oss mot avgrunnen, nærmast mot betre vitande? Kvifor ikkje rømme når ein kan?

 

Svevande språk

«Andvake» kan bety både søvnløyse og aktsemd, ein tittel som på perfekt vis oppsummerer det tåkete stadiet mellom våken og sovande tilstand kor Asle og Alida oppheld seg mykje av tida. Også språket, repetisjonane og dei halvkveda setningane understreker den pressa tilstanden dei to er i.

Forteljeteknikken er lik i «Olavs draumar». Her er repetisjonar og setningsfragment, ingen punktum, men fri flyt og mange sprang mellom fortid og notid. Dette fungerer. «Olavs draumar» er utan tvil stødig og stilsikkert skriven. Men rommet forteljinga skaper er ikkje like interessant å opphalda seg i over tid, og mest sannsynleg vanskeleg å gå inn i for dei som ikkje har «Andvake» som nøkkel og døropnar. Der «Andvake» makta å skapa ei svevande, utanomverkeleg tilstand gjennom språk og underkommunisert handling, vert svevet i «Olavs draumar» nemnd med namn heilt mot slutten av forteljinga.

Det oppsummerer greitt skildnaden mellom dei to: Begge er fine forteljingar, men «Andvake» har fleire sider og fasettar enn «Olavs draumar», som opplevest meir som ei enklare spaningshistorie.

gerd.elin.sandve@dagsavisen.no

«Her handlar det først og fremst om skuld og hemn. Går det an å legge historia bak seg?»

ab