Annonse
Chick Corea Elektric Band med sterk jazzkonsert på Kongsberg.

Chick Coreas elektriske triumf

Chick Corea er best i verda. Difor kan han gjere som han vil.

Annonse
Kultur

 

KONSERT

Chick Corea Elektric Band

Kongsberg Musikkteater

Kongsberg Jazzfestival

 

KONGSBERG (Dagsavisen): 75 år gamal feirar Chick Corea stadig nye triumfar, og fylte Kongsberg Musikkteater til randa i ein forrykande konsert med si ferskaste utgåve av Chick Corea Elektric Band. Han plussa til slutt på med å invitere eit oppglødd publikum til allsong.

Bandet han spelar med no er med Dave Weckl på trommer, Nathan East på bass, Eric Marienthal på sakson og Frank Gambala på gitar. Han er sjølv førstemann på scena, der han slår an tonen med sitt virtuose «Charged Arrangement». Bandet er på hogget, og min første favoritt utanom sjefen er bassisten East. Eg blir sugd inn i ein forrykande start, og eg tenkjer enno ein gong på kva som har gjort Chick Corea til ein musikar utan grenser.

Les også: Musikken gjennom Area 51

Albumet han slo gjennom med var «Now He Sings, Now He Sobs» med udøyelege Roy Haynes på trommer og Miroslav Vitous på bass. Det er stadig på rankinglista mi. Corea hadde tidleg ein «avantgarde»-periode, før han gjorde sin entre i bandet til Miles Davis på tre legendariske album, «Filles de Kilimanjaro», «In A Silent Way» og «Bitches Brew». Latin-jazzen kom med bandet Return To Forever, med «Spain» på albumet «Light as a Feather», og vi kan følgje han epoke for epoke der han også starta sitt Stretch Records. Duellane mellom Corea og Herbie Hancock er legendariske, likeså samspelet med vibrafonist Gary Burton.

Les også: Jazzens fortid og framtid

Chick Coreas elektriske band såg dagens lys i 1986. Trommeslagar Dave Weckl har følgt han både i elektriske og akustiske band. Coreas første hakeslepp i Norge hadde han som residerande artist i Molde i møte med Trondheim Jazzorkester. Tilbake på Kongsbergs fullstappa nye konsertarena er tempoet høgt, musikarane spelekåte i eit band der musikken innimellom er reine fartsprøver, der Corea til slutt byter brett til fender rhodes. Kongsberg Jazzfestival er på sporet.

Følg Dagsavisen Nye Takter på Facebook!

Annonse