Bøker

Spanande thriller

Tore Renberg sin nynorske debut er kanskje litt treig i starten. Men så: Grøss! Og hulk.

Dagsavisen anmelder

ROMAN

Tore Renberg

«Du er så lys»

Oktober

«Det er ikkje så enkelt å få auge på sitt eige liv, sjølv om du er den einaste som lever det», tenker hovudpersonen i Tore Renberg sin nyaste roman, «Du er så lys». Eller andre sitt, kunne han lett lagt til.

Jørgen fortel historia. Han er lukkeleg gift, far til to søner, og miljøarbeidar i eit kollektiv for barnevernsgutar. Lever eit stabilt og greitt liv, omgitt av ei slekt full av sterke kvinner og rare menn. Så flyttar Steinar inn i nabohuset. Han er ein høg, flott, smilande mann. Fastlege, med pen kone og kjekk son, «eit gneistrande blikk og eit smittande humør». Jørgen blir tydeleg fascinert. Alle andre også.

Samtidig som Jørgen, som normalt er flink å fanga kven folk er, ikkje heilt klarer å gripa Steinar. Allereie på første bokside får lesaren vite at dette kjem til å ende gale: «Først var det ei glede, det kjende vi alle, som om ein god og forbløffande varme hadde slått rot like ved huset vårt, så gjekk det over i ei bølgande uro, før det falda seg ut ein forbanna katastrofe».

«Du er så lys» er historia om tida før katastrofen. Boka startar kanskje litt treigt. Renberg tek seg litt vel god tid til å etablere persongalleriet, til å skildre stemninga i den ikkje namngitte vestlandsbygda han har lagt handlinga til. Men så skrur han det til. Temperaturen aukar. Jørgen er ivrig tilhengar av fotballaget West Ham: «Eg er kanskje ikkje han du finn fremst på barrikadane her i livet, men eg liker framleis sånne ting. Småfolk mot overmakta». Han pleier å dra på kamp i London kvar sesong. Då den faste reisekameraten hans ikkje kan reise, inviterer Steinar seg med i staden. Det vert ein underleg tur, kor Jørgen for alvor byrjar å lure på om Steinar kanskje skjuler noko.

Også hos lesaren er interessa, og uroa, stigande. Kva er det med Steinar? Er han lystløgnar? Pedofil? Narkoman? Har han hamna i trøbbel på anna vis? Har han band til dei stakkarslege, øydelagde barnevernsgutane Jørgen skal hjelpe på jobb? Bankar han kona si? Eller ungen? Eller har han kanskje ein affære? Eventuelt med kven? Tore Renberg røper ikkje noko, utover å droppe nok hint til at både den eine og den andre løysinga kan stemme. Lesaren får lure sjølv, og bli med på ei detektivliknande jakt etter spor, gjennom minne, hus og hytte. Skummelt, er det. Ekte thriller. Ikkje minst når det som ikkje blir direkte kommunisert, opnar for at det også kan vere noko med Jørgen og kona? Eller?

Då forklaringa kjem, overraskar ho, så mykje at forklaringa ikkje skal røpast her. Mot slutten får Steinar sjølv kome til orde, med sin versjon av kva alt dette eigentleg handla om. Inkludert det som skjedde i London. Hans korte fragment er skrivne i ein heilt annan tone enn resten av boka. Litt flate, kanskje, samanlikna med Jørgen si autentiske stemme. Men med ein såpass sterk bodskap at det eigentleg er greit. Forsvarbart.

For «Du er så lys» er utan tvil ein vellukka bok. Ein thriller med hjarte. Som alltid er folka Renberg skriv om vanlege, realistiske typar. Jørgen er barn av ironigenerasjonen, ein mann som bryr seg om barnevernbarna på jobben, men som likevel er såpass lite glad i å snakke om det heime – altså om kjensler og den slags – at han konsekvent set omgrepet i kursiv. Samtidig som han jo snakkar. Mykje. Renberg sine forteljarar er sjeldan av den ordlause typen. Ikkje i denne boka heller.

På førehand har det vore mykje prat om at Renberg i denne boka skriv nynorsk. Eigentleg spelar det ikkje så stor rolle, kva målform han vel. Der er ein tydeleg sørvestlandsk klang i målet, uansett. Om noko er dei bokmålske Jarle Klepp- og Teksasbøkene endå tydelegare forankra i Renbergs siddisdialekt, kanskje fordi dei er meir tydeleg geografisk forankra i Stavanger enn «Du er så lys», som utspelar seg i ei udefinert bygd ein stad på Sørvestlandet. Men også her kan sørvestlendingar og dialektnerdar glede seg diverse sørvestlandske markørord, som «graps» der austlendingar ville sagt «griseri», eller «så hytt» for det meir standardiserte «så nøye».

Tore Renberg har skrive ei spanande bok. Og konklusjonen hans er det vanskeleg å finne feil med. Kva veit vi vel eigentleg om medmenneska våre? Eller om korleis andre ser oss? Fint lite.