Bøker

Lothepus i bokform

Forteljinga om Lothepus skal etter planen vere klar i september.

Over ein  million følgde med då Leif-Einar Lothe, betre kjend som Lothespus, vann realityserien Farmen kjendis i vinter. I september kjem boka om cowboyen frå Odda, skriven av Finn Tokvam. Tokvam er journalist og humorist, blant anna kjend frå Radio Røynda og P.I.L.S. (Populærmusikk ispedd litt sladder), og som vokalist i Finn Erix.

Lothe blei rikskjendis då han, iført hatt og med røyken i munnviken, kom med gullkorn av typen «Går det til helvete, så går det til helvete!»; «La kvinnfolk vere kvinnfolk, og mannfolk vere mannfolk»; og «Det går viss du er tøff nok i trynet. Alt går!»

Men kven er han? spør Samlaget, som gir ut boka.

- Lothepus er litt av ein type. Ein fantastisk historieforteljar med eit spannade liv og glimt i augo. Vi gler oss vilt til å gi ut boka om Noregs mest sjarmerande vestlandscowboy, seier Håkon Kolmannskog, forlagssjef i Samlaget.

I boka fortel Lothe om den gongen han flykta frå politiet på hesten sin. Han har sjekka damer med dumper fordi han ikkje fekk moped, og leigd sjøfly frå reinsjakt på Vidda for å gå på pub i Bergen. Men han har også opplevd alvor og tunge stunder, som tapet av broren i ung alder.

Mer fra Dagsavisen