Bøker

Fart og sjølvtillit

Maria Parr beviser igjen at ho er i ein eigen klasse som barnebokforfattar. Denne sjarmbomba av ei forteljing lokkar fram både latter og tårer, hos vaksne og barn.

Dagsavisen anmelder

BARNEBOK

Maria Parr

«Keeperen og havet»

Samlaget

Nokre gonger kan det vere vanskeleg å setje fingeren på kva det er som gjer ei bok bra, til og med betre enn andre gode. Maria Parrs debutbok, «Vaffelhjarte» frå 2005, var ei usedvanleg fin barnebok, ein instant moderne klassikar. Det var også «Tonje Glimmerdal» (2009) av same forfattar. Men kva er det med akkurat desse, og med Maria Parr si heilt nye bok, «Keeperen og havet», som gjer at dei plasserer seg eit par hakk over andre sterke norske barneboktitlar?

Det er ikkje éin ting, men fleire. Mange har trekt fram språket. Dei saftdryppande kraftuttrykka. Måten Maria Parr vekslar mellom informasjonstette replikkar og forklarande avsnitt. Bøkene er lettlesne, veleigna for både sterke og svakare lesarar frå andre halvdel av barneskulen og utover. Ein får meg seg all nødvendig informasjon, om kva som skjer og korleis folka har det, utan at noko blir tværa ut, drøvtygd eller overforklart. Heldigvis også utan at teksten tippar over i det liksompoetisk underkommuniserande, kor kun erfarne vaksne lesarar tek hinta. Alt er klart og tydeleg. Samtidig spanande, halde i godt driv.

Les også: Tilbake til Knert-Mathilde

Kvar karakter opplevest som ein ekte person, ein type ein blir kjent med gjennom ei blanding av skildring, replikkar og handling. Typane i bygda Knert-Mathilde er slike ein lett ser føre seg, som mange føler ein veit kven er. Likevel få reine klisjear, figurane har langt fleire sider enn som så. Nokre gode, andre mindre rosenraude.

Forteljaren er den skjønne, forsiktige, følsame Trille, nummer tre av fire i søskenflokken. Han som ikkje føler seg så vel på fotballbana, men som noko forvirra oppdagar at hjartet bankar litt ekstra hardt når den nye jenta i bygda, nederlandske Birgitte, entrar rommet. Bestevennen hans er den fryktlause Lena. Som Tonje Glimmerdal er ho fylt av fart og sjølvtillit, best på alt som involverer tempo og spaning. Når orkanen kjem, vil Lena ut. Noko overraskande – i alle fall for Trille – viser det seg at likevel at Lena også har såre punkt. I «Keeperen og havet» spelar dessutan Trille sin bestefar, han som er så glad i å fiske, ei viktig rolle. I tillegg myldrar det av familiemedlemmer, klassekameratar og andre, både vaksne og ungar.

«Keeperen og havet» er ein frittståande oppfølgar til «Vaffelhjarte». Bestevennene Trille og Lena går no i sjuande klasse. Nederlandske Birgitte er komen flyttande til bygda. Lena er nok litt sjalu på henne. Dei to vennene hoppar frå moloen sjølv om det er skummelt, dei bygger flåtar som flyt kanskje litt for godt utover fjorden, blir med bestefar på fiske, og slit med drama på og utanfor fotballbanen. Samtidig er dei medlemmer av kvar sin familie, kor den eine er kanskje litt for barnerik, den andre litt for liten. På skulen kan det også vere slitsamt å vere, anten ein no må halde innlegg framfor klassen, eller forhalde seg til dustete klassekameratar.

Det er ei spanande forteljing, kor ein ved første gjennomlesing tidvis sit ytst på stolen og håpar at det kjem til å gå bra. Maria Parr er ikkje redd for å skrive om vanskelege tema, om døden, skal det skje også no? Denne godt vaksne anmeldaren felde fleire tårer undervegs. I gjenkjenning, og sympati. Før tårene blei avløyst av latter og smil og glede, igjen.

Kanskje er det aller mest der magien ligg hos Maria Parr. Ikkje i språket, sjølv om det er knakande godt, eller i historia, sjølv om ho er ulideleg spanande. Men i alle laga ho klistrar over kvarandre og blandar. I måten ho loddar djupt i alt det som utgjer eit menneskeliv. Det kjekke, spanande og morosame, men også i alvoret, usikkerheita, sorga. Livet, og døden. Maria Parr skriv om barn. Men det handlar om oss alle.

«Keeperen og havet» er ei strålande barnebok, perfekt også for vaksne.