Dagsavisen.no / Kultur / Bøker /
Original debutant
Brutalt og ømt i original debutroman med høg språkleg kvalitet.
Gerd Elin Stava Sandve journalist i kulturredaksjonen
Kalenderen er ikkje komen lenger enn til september, og ei lang rekke debutantar ligg framleis klare i køen utover hausten. Likevel er det neppe for risikabelt allereie no å anta at Jan Roar Leikvoll har skrive ei av årets mest originale førstebøker.
Arbeit macht «frei»
Romanen «Eit vintereventyr» utspelar seg i det som fleire gonger blir referert til med den forskjønnande frasen «arbeidsleir», men som lesaren raskt forstår er ein dødsleir av den typen nazistane dreiv under den andre verdskrigen. Hit kjem dagleg nye fangar, snaubarberte og fråtekne alt dei hadde av klede og ting, sjuke og elendige og snart klare for dei store menneskebrennande omnane som døgnet rundt sprer røyk, stank og oske over heile leirområdet.
Bokas hovudperson og eg-forteljar er ikkje ein av «dei sjuke», som romkamerat Hans har lært han å kalle alle snauskallane. Dei to lever i ein slags mellomposisjon i leiren. Kvar dag arbeider dei hardt med oppgåver leirleiinga set dei til, som å grave massegraver, hive nye lik i omnen, eller sortere klede frå dei døde. Så lenge dei har fysisk og psykisk styrke nok til å arbeide, får dei behalde livet, men både eg-personen og Hans veit godt at leiingas «godvilje» brått kan ta slutt, og at dei i realiteten har kniven nesten like nær strupen som dei mange andre fangane dei dagleg ser stryke med.
Skrullekjærleik
Det er med andre ord eit særs dystert, gråtona landskap Leikvoll malar ut i «Eit vintereventyr». Men romanen er også ei slags kjærleiksforteljing, også denne i original støyping. Den ikkje namngitte forteljaren er glad i menn, og aller mest i unge gutar. Han drøymer om å oppleve «noko fint» med dei, både om eit harmonisk familie- eller parliv med den heilt tydeleg heterofile romkameraten Hans, og om spanande eventyr med nokre av dei uskuldsreine smågutane han ser kome og forsvinne frå leiren.
Lengsla er varmt og ømt skildra, og seier mykje om menneskas evne til overleving, og om ein kjærleik som ikkje fyller A4-formatet. I leiren får eg-forteljaren rolla som «kvinne» og «skrulle», og spelar opp til desse så godt han kan, instinktivt vitande om at dei er med på å ufarleggjere han.
Sterkt språk
Jan Roar Leikvoll skriv ein stø, tradisjonell nynorsk. Innimellom glitrar det i fine språkblomar, sjølv om ikkje alle er like vakre – eller vellukka. Romanen er fint bygd opp, med spaning frå starten, eit litt rolegare mellomparti, og ein grufull finale.
Temaet og stemninga gjer at dette aldri blir «koselesing», men «Eit vintereventyr» fortener likevel mange lesarar. Gjerne dei som har gitt opp debutromanar fordi «alle» er like. Denne er ikkje det.





