Bøker

Å Vestland, Vestland

Fagre fjell og fjord og tronge vik spelar særs viktige roller i denne halsbrekkande, tungt alkoholstenka ferda gjennom vestlandsk klima, kultur- og motstandshistorie.

Dagsavisen anmelder

ROMAN

Erlend O. Nødtvedt

«Vestlandet»

Aschehoug

I songen er det enkelt. Sissel Kyrkjebø syng om Vestlandet som ein vakker stad med solblank kveld og sumarnatti sval, som med venleik stort og vilt atter møter deg så mjukt og mildt. I Erlend O. Nødtvedt sin debut som romanforfattar – han har tidlegare skrive tre diktbøker – har Vestlandet først og fremst motstand å by på. Særs i form av vêr, nærare bestemt nedbør. Regn. Sludd. Snø. Meir regn. Sipande, dryppande, hamrande, sildrande regn, som eit ekstra lydspor gjennom heile romanen, som skildrar ein vill biltur ein poet som heiter Erlend og kunstnarkompisen som heiter Yngve tek gjennom store deler av Vestlandet, særs Sogn og Fjordane. På Vestlandet er vatn vertikalt, som eit slør, observerer dei.

Men motstand er bra. Motstand er faktisk poenget med Vestlandet, meiner Yngve. Motstand er dessutan noko ein kan stå for sjølv. Poenget med bilturen dei to venene har gitt seg ut på, er å frakte hovudskallen til motstandsmannen Anders Lysne, som vart halshoggen i Bergen tidleg på 1800-talet og så hamna på museum der, tilbake til Lærdal, kor han kom frå. Lysne var ein fridomskjempar og motstandsmann, meiner dei to ferdamennene. Han blei drepen av sentralmakta fordi han kjempa for lærdølane sin rett til å sleppe militærteneste. Det hadde lærdølane alltid gjort tidlegare, i bytte mot å vedlikehalde den bratte, vanskeleg farbare vegen over Filefjell, ein veg dei sjølv hadde bygd. At skallen no skulle flyttast til eit museum i Oslo var så feil at kompisane måtte ta affære. Etter ein fuktig komlekveld stal dei skallen, la han i ein bag i bagasjerommet, og stakk av garde, retning Lærdal.

I hælane har dei Austmannen, den tylen. Han er ein skummel mørk figur som messar på med eit pervertert språk fylt av «jei» og «mei». Austmannen gøymer ein dress under kappa, og står for alt som er gale i Oslo-Norge. For tvangssamanslåing og instrumentell fornuft, maktovergrep og reklamespråk – motsatsen til det frie, sterke, naturlege Vestlandet, landsdelen som har fostra åndskjemper i fleng, og kor folk er vane med å ta saka i eigne hender. I romanen kjempar geriljagruppa Vestlandsk Frigjeringsfront for å lausrive seg frå Oslo-Norge og etablere ein slags «nynorsk kvekerstat», eit sosialistisk kooperativ av samarbeidande vestlandske bygdelag. Humor, altså, iblanda alvor.

Undervegs på ferda oppsøker Erlend og Yngve fleire vestlandske åndsmenn. Dei bryt seg inn hos poeten og dagbokskribenten Olav H. Hauge og drikk av eplesideren han, feller ei lita tåre ved grava til forfattaren Per Sivle si mor, og er blindpassasjerar på det nobelpriskandidaten Jon Fosse stolt kallar «snøggsjarken» sin. Forfattar som Jakob Sande, Nils Økland, Ragnar Hovland er også nemnde, saman med Agnes Ravatn, og ymse artistar, kunstnarar, og felespelarar. Kvinnene elles er jamt over av det hardbarka og snustyggande slaget, stort sett væpna og ville. Ein bjørnejeger, ein survivalist, men også ei nydeleg vakker tilsett ved antikvariat, som forsvinn som ei hulder før ho igjen dukkar opp.

Følg Dagsavisen på Facebook og Twitter!

For dette er ei bok som låner heftig frå eventyr og mytar, og frå helteforteljingar à la den om Gjest Baardsen, som også er med i forteljinga. «Vestlandet» er ei lang og morosam skrøne halden i ein munnleg, folkeleg, burlesk stil, godt oppfyrt av lokalpatriotisme, tobakk og alkohol. Dei to hovudpersonane drikk jamt, også bak rattet. Dei gløymer og forvekslar og vaknar opp uventa stader med tomme flekkar på minnet, men let verken det eller dei nemnde naturkreftene stoppe seg. Anders Lysne sin skalle skal fram. Men vil dei klare det? Spenninga bygger seg opp, og kulminerer i ein vilt kaotisk Lærdalsmarknad, kor alt som kan krype og gå av moderne og gammalt, realistisk og eventyrleg samlar seg for å falby varer, drikke og slåst, medan eit ekstremvêr av bibelske dimensjonar veltar innover dei.

Det er morosamt. Pompøst og sjølvforherligande. Stolt, men med glimt i auget. Om det finst noko slikt som ein særeigen vestlandsk humor og forteljekunst, skriv Erlend O. Nødtvedt seg rett inn i den tradisjonen med «Vestlandet». Rett og slett då, for å sitere romanfiguren Yngve.