Dagsavisen.no / Kultur /
Magni Wentzel på sitt beste Skriv en kommentar
Magni Wentzel i storform på konsertopptak frå 2003. Foto: Ann Iren Ødeby
På eit strålande opptak gjort av NRK på ein minnerik konsert i 2003 viser
Magni Wentzel sitt format som ein våre finaste jazzvokalistar.
Konserten var på gamle Håndverkeren, eg hugsar han godt. Det er bokført i festivalreferatet i Dagsavisen 15. august 2003: «Fredag var også ein kveld for sterke damer. Den første var Magni Wentzel i form på Håndverkeren, med Jørn Øien, Carl Morten Iversen, Espen Rud og den altosaksofonisten Jon Gordon. Ho er ein genuin jazzvokalist og som tolkar av «the american songbook» er Magni Wentzel suveren. Ho har spela inn ei strålane Porgy and Bess-plate, og hennar versjon av Thelonious Monks «Well You Needn’t» var det Carmen McRae-takter over.»
Monk-låten er ikkje med på plata, men samanlikninga med Carmen McRae står seg like godt når du høyrer Wentzel sleppe seg laus med eit driv og ein fridom i uttrykket som er nesten sjeldan. Tonen blir slått an frå opningslåten «A Sleepin’ Bee», held fram med «Stockholm Sweetnin’», og ein versjon av «Bye Bye Blackbird» som gjev han eit nytt liv.
Dave Frishbergs «I’m Hip» er som skriven for henne, og bandet med norgesgjesten Jon Gordon lar seg tydeleg inspirere. Med stemninga du høyrer i lokalet blir «Live» nok eit døme på styrken til gode live-album. Magni Wentzel har stått på jazz og musikkscena i inn og utland frå ho var tenåring, og høyrer til den absolutte adelen av norsk jazzvokalistar. Om ho ikkje er storgrossist i plater, er dei alle av edelt merke, med Art Farmer på «The Wonderful One», tre album med pianist Roger Kellawayy og bassist Red Mitchell på det første, Niels-Henning Ørsted Pedersen på neste og Mads Vinding på siste, for å nemne nokre. På «Live» høyrer vi henne i storform heile vegen til ein overlegen slutt med «Peel Me A Grape», også ein Frishberg-klassikar, til eige gitarakkompagnement.
EIT SLAGS BLÅTT
Opningsnummeret er «All Blues», Miles-klassikaren frå «Kind of Blue», men ikkje slik du kanskje trur. Albumet «If (Blue) Then (Blue)» er med den no 77 år gamle saksofonisten Heinz Sauer som møter pianist og fenderspelar Michael Wollny (31) og pianisten Joachim Kühn (65) i konstruktivt samspel over standardlåtar og eigne låtar, med eit utfall som fører tankane til Rudi Mahall og Aki Takases album «Evergreen».
Nestoren Sauer og ynglingen Wollny har før vist at dei er eit vinnande par på cd, og med Joachim Kühn attåt på dette sterke og eksperimentelle tyske laget, blir resultatet ikkje låkare. Pianistane alternerer så vi er i duoformat, noko som styrkar slektskapen med Mahall og Takase, men ikkje likskapen. Fem «standard»-låtar får gjennomgå sterke duotolkingar. Det er ikkje mållaus radbrekking, men fine tolkingar som yter dei full rettferd. Attåt musikarane sine eigne songar blir det til eit verkeleg lydaralbum, der alt kjem i same rekkjefølgte det vart spela inn i, men utan at vi kan garantere noko svar på spørsmålet om lagnaden blir blå eller (blå).
MARIA SJOKOLADE
Maria João er eit protugisisk fyrverkeri som kombinerer tradisjonell portugisisk song med både jazz og andre uttrykk, inkludert vakre dansesteg på scena. Med stor suksess innleia ho i 1991 eit samarbeid med landsmann og pianist Mário Laginha, noko som vi enno ein gong kan høyre på det strålande nye albumet «Chocolate», som vanleg med vår eigen Helge Andreas Norbakken som perkusjonist i bandet.
Julian Argüelles er sterk saksofonist, Bernard Moreira er bassist og Alexandre Frazão trommeslagar. Når ho ikkje syng «instrumentalt» som i forrykande scatsong eller kjende songar som «When You Wish Upon a Star», har ho skrive teksten til nokre låtar, til Laginhas musikk. Alt strålande arrangert på eit meisterverk av eit album.
Magni Wentzel
«Live»
Curling Legs
(Musikkoperatørene)
Heinz Sauer med Michael Wollny og Joachim Kühn
«If (Blue) Then (Blue)»
ACT (Musikklosen)
Maria João & Mário Laginha:
«Chocolate»
Polydor (Universal)





