Dagsavisen.no / Kultur /
Året for sterke solospel Skriv en kommentar
Melody Gardot på scena 15. juli under Molde Jazzfestival. Foto: Vidar Ruud, ANB
Straumen av norske jazzplater minkar ikkje, men denne gongen har vi ein
utlending på topp.
Plata kom på eit norsk selskap, amerikanske Steve Dobrogosz har gjort stockholmare av seg, og han dyrkar framleis duoformatet han og Radka Toneff skapte jazzhistorie med på «Fairytales». Men i år satsa han på sitt dristigaste prosjekt, ei soloplate på piano med songar av tidenes låtskrivarpar Lennon/McCartney. I same gate kjem Olga Konkova, den russiskfødde pianisten som kom som ein vind inn på den norske jazzscena på nittitalet, og som laga sitt beste album nokosinne med variasjonar over Joni Mitchell-låtar, innspela i den svenske serien «Improvisational» under omstende som var det ein dansk dogmefilm. Legg til Bugge Wesseltofts stadige utforsking av soloformatet med «Playing» på starten av året, ei plate som også kunne vore på denne subjektive lista med utvalde. Det er ei liste med mest godt vaksne utøvarar som ikkje speglar att alt det spennande som skjer blant ungdommen, men dei forsvarar alle plassen med glans.
Som bonus har vi lista opp vinnarane i det første tiåret av millenniet, eit tiår då musikk på CD er spådd den visse død. Difor var det også Columbias siste sjanse til å gje ut den strålande Miles-boksen sin til spottpris, til glede for oss alle. At denne medarbeidar lét seg sjarmere av årets kultfenomen Melody Gardot i Molde, rettferdiggjer til fulle årets jazzbilete til denne kavalkaden. Med det ønskjer vi lesarane god jul og godt nytt år.
1. Steve Dobrogosz:«Golden Slumber»
Pianisten som skapte jazzhistorie saman med Radka Toneff med «Fairytales», i eineståande vakre tolkingar av klassikarar frå katalogen til John Lennon og Paul McCartney.
2. Olga Konkova: «Four»
Ei natt i Stockholm får Olga Konkova på kort varsel beskjed om å lage improvisasjonar over songar av Joni Mitchell. Den norsk-russiske pianisten kvitterer med si finaste plate.
3. Helge Sunde Ensemble Denada: «Finding Nymo»
Allereie legendarisk storbandleiar frå Stryn ved rattet, inspirert av eit Olav H. Hauge-dikt.
4. Meadow: «Blissful Ignorance»
Saksofonist Tore Brunborg og trommeslagar Thomas Strønen fekk oppfylt draumen om å spele trio med den engelske pianisten John Taylor. årets andre album med Brunborg som i januar gav ut «Lucid Grey».
5. Mats Eilertsen: «Radio Yonder»
Den einaste låten Eilertsen ikkje har skrive sjølv, er «Hunting High And Low». A-ha-klassikaren høyrer du sjeldan finare tolka enn med Mats Eilertsens finsknorske band.
6. Jan Garbarek: «Dresden»
På Jan Garbareks andre live-utgjeving førti år etter debutplata og samleobjektet «Til Vigdis», strålar han tidvis på scena i Dresden.
7. Helge Iberg/Elin Rosseland: «Standards and Vanguards»
Ei ny sjeldan utsøkt utgjeving med komponist og pianist Helge Iberg i samarbeid med vokalisten Elin Rosseland.
8. Kirsti Huke: «Kirsti Huke»
Sterkt singer/songwriteralbum, med «Borders of Canada» som éin av årets hitlåtar i eteren.
9. Kåre Kolve Quartet: «My Direction»
Dei gamle er sjølvsagt eldst, og vossasaksofonisten Kåre Kolve kom som ein vind med vårens vakraste debut, uansett alder.
10. Torben Snekkestad: «Conic Folded»
Den norsk-danske saksofonisten og klarinettisten sette ein tidleg standard for jazzåret, saman med Jon Balke og den danske bassisten Jonas Westergaard.
Gammalt på nytt
1. Mils Davis: «The Complete Columbia Album Collection».
Den komplette samlinga av Miles Davis på Columbia frå 1955 til 1985, til ein billeg penge i CD-alderens siste fase. Bonus på dvd med Miles Davis Quintet i 1967.
2. Ella Fitzgerald: «Twelwe Nights in Hollywood».
Årets overrasking, då bortgløymde liveopptak frå ein jazzklubb i Hollywood i 1961-62 vart gitt ut for første gong. Firedobbel CD med Ella Fitzgerald på sitt friaste.
3. Tony Bennett/Bill Evans: «The Complete Tony Bennett/Bill Evans Recordings».
To meistermøte mellom songaren Tony Bennett og pianisten Bill Evans i 1975-76.
4. Jan Erik Vold: «Vokal – The Complete Recordings 1966-1977».
Tidenes jazz og lyrikkfeiring av mannen frå Briskeby som fylte sytti år.
5. George Russell: «The Essens», «Othello Suite», «Listen to The Silence».
Tre plater George Russell (1923-2009) spela inn med skandinaviske jazzmusikarar på sekstitalet. Russell døydde i juli.
6. Esbjörn Svensson Trio: «Retrospective – The Very Best of E.S.T.».
Sterkt album til minne om den svenske nyskaparen som omkom i ei drukningsulukke berre 44 år gammal.





