Dagsavisen.no / Kultur /
Gullsolo frå Dobrogosz Skriv en kommentar
Steve Dobrogosz konsentrerer seg om sine Lennon/McCartney-variasjonar. Foto: JOHS BØE
Steve Dobrogosz skapte jazzhistorie saman med Radka Toneff. Åleine ved pianoet
foredlar han tolv Lennon/McCartney-klassikarar.
Det startar med «Goodnight», og du kjenner sitringa når han på enklaste og mest klassiske vis presenterer sin soloversjon på albumet «Golden Slumber». At det handlar om songar frå musikkhistorias kanskje største låtskrivarduo veit vi, men det er noko med å få dei presentert så reinskore vakkert, frå ein musikar som var med på å gjere Fairytale-plata til éin av skattane jazzkatalogen. Å la musikken leve og utvikle seg av sin eigen natur, også når du broderer vidare på han. Etter opninga følgjer ein medley med tittellåten «Golden Slumbers» og «You Never Give Me Your Money», og «Across The Universe» på veg til «Blackbird». Eg er ikkje lommekjend i Lennon/McCartney-katalogen, men at «Blackbird» er ein låt som meir enn ein har sagt at han/ho skulle ha gitt mykje for å ha skrive sjølv, er kjent. Utan å rekne opp alle låtane er det berre å protokollere at Steve Dobrogosz fullfører verket med stil, med dusinet fullt av Lennon McCartney-klassikarar. Etter å ha runda «The Long and Winding Road» på vegen, andar albumet ut med «I Will», og ikkje spør meg om det er «rett» utval. Etter dette og Olga Konkovas strålande Mitchell-variasjonar er vi i mood for meir av slike soloøvingar.
Det var «Fairytales»-albumet som gav Steve Dobrogosz eit namn å hugse. Seinare dyrka han duoformatet sitt vidare først med Berit Andersson på «The Final Touch», «Jade» og «Skin Balloon», og Anna Christoffersson har dei siste åra vore vokalkameraten på albuma «It’s Always You» og «Rivertime». Elles er Dobrogosz musikar og komponist i mange format, han skreiv sitt første store verk «Mass» i 1992, og har sjølv ein katalog på 750 komposisjonar. Så når han spelar Lennon/McCartney, veit han kva det gjeld.
O jul med Carl Bley
Snart kjem Carla Bley til landet med bandet på plata «The Lost Chords» (2004). Mens vi ventar, gler vi oss i barnleg fryd over julegåva ho og Steve Swallow har spela inn med The Partyka Brass Quintet: «Carla’s Christmas Carols». Det er ei plate du kroar deg med frå første stund, vel vitande at ingen kan forsyne seg av den heimlege songskatten med slik varme og litt ironi. Så også i eit følgjeskriv om korleis den barnslege julegleda hennar vende seg til eit vaksenopprør mot heile julamitten, men ikkje mot musikken, som ho ville gjere noko med. Etter eit travelt liv er tida endeleg mogen, for musikaren og komponisten som sidan ho var opprørsk medskipar av Jazz Composers Guild og Liberation Music Orchestra, har vore ei velsigning for amerikansk jazz og musikk, gjerne europeisk inspirert av Kurt Weill-tradisjonen, men likevel genuint amerikansk, som på «Looking For America».
Dette er føreord og introduksjon til denne festen av ei plate med både tradisjonelle songar og hennar eigne, som «Jesus Maria». Brassavdelinga til Ed Partyka inneheld to trompetar/flügelhorn, eit horn, ein trombone og ein tuba, attåt pianoet til Carla og bassen til Steve. Og musikken er ei julegåve til alle.
Carla Bley spelar med «The Lost Chords» på Nasjonal Jazzscene i Oslo 22. november.
Der alt kan skje
Nickelsen, Nylander, Strømme. Det er bandet som spelar seg inn mot advent med «Corrupted Mirror», å sjå til ein djuptenkt tittel, etter at tre musikarvener gjekk i studio utan mål og meining, om vi les promomeldinga rett. Men takk vere ein antikvarisk Oberheim OB-X synthesizer årgang 1980, traktert av ein Steinar Nickelsen som vi vanlegvis finn ved Hammond-orgelet, lyder det innimellom som gakk gakk-musikk, med lydar som frå eit instrumentalt amfibium som går like godt over som under vatn. Karl Strømme er både trompetist og synth-traktør, Erik Nylander er vi hadde nær sagt som vanleg på trommer, og det går friskt og rytmisk unna med musikk skapt der og då, og grenselaus under vann, som ubåtkapteinen sa.
Steve Dobrogosz
«Golden Slumber»
Curling Legs (Musikkoperatørene)
Carla Bley
«Carla’s Christmas Carols»
WATT/ECM (Musikkoperatørene)
Nickelsen, Nylander, Strømme
«Corrupted Mirror»
Parallell (Musikkoperatørene)





