Dagsavisen.no / Kultur /
Musikk det er godt å vere i Skriv en kommentar
Nytt sterkt soloalbum frå Håkon Kornstad. Foto: Fin Serck-Hanssen
Når Håkon Kornstad spelar solo på saksofonen høyrer det til dei store stundene
for ein lyttar. Med «Dwell Time» leitar han etter rett modus, for å bli der.
- Sjanger: Jazz
- Produsent: Jazzland (Universal)
Roald Helgheim journalist
I alle fall er det slik han ordlegg seg i presentasjonen av albumet, som er det andre etter «Single Engine» i 2007, der han var meir ivrig etter å vise variasjon. Eg lyttar sjeldan til tidlegare album når det kjem eit nytt, men du kjenner deg alltid velkomen i musikken til Kornstad. Den er laga til lyttaren, har Kornstad sagt, han som har denne overtonebruken han er overlegen i med saksofonen. Ved bruk av elektronikken attåt skaper han eit univers som alltid er spennande, enten du opplever han live på scena, eller «live» frå der han spela det inn, i Sofienberg kyrkje utan meir fiksfakseri enn han også kan bruke på scena. Det er musikk improvisert fram der og då, med ei klassisk Kornstad-opning, eit lyst og melodisk saksofonspel eg spontant assosierer med John Surman. Rytmisk og suggererande blir det når han etter «Still One» kallar neste stykke «Oslo», med ein bassaksofonrytme i botnen mens han spelar med seg sjølv. Med tenor og bassaksofon, fløyte, flutonette og «live elektronikk» tek han oss vidare i eit album ord ikkje kan få sagt så mykje om. For kva kan dei eigentleg uttrykkje om musikk, anna enn at det er stygt eller vakkert, rått eller lyrisk? Kornstad er i den no gylne generasjonen som verkeleg har prega det nye jazztusenåret, til dømes i vakkert duospel med Håvard Wiik, med Ingebrigt Flaten på den utruleg vakre folketoneplata «Elise» som har vekt internasjonal kritikaroppsikt, med Wibutee, Maria Kannegaard og ein skokk andre. Som når han på «En Attendent Le Soleil» prisar sola med ein kaskade av tonar han som sin eigen herre lagar eit stort band av. «Dwell Time», det er ikkje kviletid men veretid. I denne musikken er det godt å vere.
Vent til du ser henne
«Sad Song» heiter melodien gitarist John Abercrombie slår an den milde tonen med, på første spor av sitt nye album «Wait Till You See Her», med kvartetten han har hatt sidan «Cat’n Mouse» i 2002, då med Marc Johnson på bass, Mark Feldman på fele og Joey Baron på trommer. Vi lyttar til det fjerde albumet til kvartetten, no med Thomas Morgan på bass, men stadig med den kammermusikalske leten i seg, leidd av ein gitarist som med sin mangslungne bakgrunn ikkje forhastar seg, men som med Feldmans utsøkte fiolin har funne ein ideell medspelar. Eg har alltid tykt at Abercrombie liknar ein traust landsens gut som spelar gitar som få, og éi av dei finaste platene han var vore med på, er Charles Lloyds «The Water Is Wide». Staden der han i 1944 kom til verda er den vesle byen Port Chester langt oppe i staten New York, og som gitarist han vore éin av dei mest produktive i ECM-stallen, frå han spela i Gateway med Dave Holland og Jack DeJohnette på syttitalet. 27 eigne ECM-album har det blitt attåt katalogen han har utanfor. Tittelsporet av Richard Rogers og Lorentz Hart er det einaste han ikkje har signert sjølv, og mannen eg stadig hugsar for ein versjon han ein gong hadde av «Alice In Wonderland» med Peter Erskine og Marc Johnson, er framleis i støtet.
Egotripp i femti
Seksten år gammal var Jan Berger med på si første innspeling i 1959 med Per Elvis Granberg, og har fletta ein bluessolo frå opptaket inn i ein versjon av Oscar Pettifords «Blues in the Closet» som han spela inn femti år seinare med bassist Arild Andersen. Det er det andre av 18 spor på albumet «Ego Trip», gitarist Jan Bergers feiring av 50 år som jazzmusikar. Her har han leita fram opptak frå ein mangslungen periode som musikar i NRK, mange med den legendariske bassisten Erik Amundsen. Etter Amundsen har Arild Andersen gått inn i tomrommet og medverka til denne forvitnelege collagen av gamle opptak og nyinnspelingar med gamle medmusikantar, inkludert Laila Dalseth som syng «Voggande Vals» på nynorsk og engelsk med Andersen og Berger anno 2008. Reisa gjennom gammalt og nytt har overraskande stoppestader, så her gjeld det å bli med.





