Dagsavisen.no / Kultur /
Neonfarga trådar Skriv en kommentar
Trioen BOA var konsentrerte, lekre og nesten kommersielle i forma i sitt 3,5 minutt lange stykke. Foto: Rune Kongsro
Årets Ultima er rik på informasjon, men balanserer så langt hårfint mot det
overveldande.
Ida Habbestad anmelder klassisk musikk i Dagsavisen
Ultima 2009 er prega av dualitetar. Opningskvelden onsdag vart ei første understreking av dette: Trioen BOA framførte 3,5 minutt lange stykke – konsentrerte, lekre og nesten kommersielle i forma – etterfulgt av komponisten Trond Reinholdtsen si lansering av Den norske opra. Sistnemnte utført på flytande vis, med institusjonskritikk, absurditar og alvor, og med endelause tøyingar av formatet såvel som av publikum sitt tålmod.
Kontrasten frå dette og til konserten til Oslo-Filharmonien torsdag, var om mogleg endå større. Frå heilt nye eksperiment fekk me no utdrag frå kanonen av samtidsverk: Den høgst etablerte festivalkomponisten Sir Harrison Birtwistle, komposisjonar av Henri Dutilleux og jamvel avdøde Igor Stravinskij – som for å forankra dagens uttrykk grundig attende i tid.
Slik er den sprikande ramma for årets festival. Men i ein situasjon der kaoset lett kunne teke overhand, meiner eg motsetningspar – mellom det konvensjonelle og det nyskapande, det komplekse og det enkle – skapar fint tvinna trådar som fylgje.
Som laurdags føremiddag, der me kunne vitna utførsla av to beslekta, men kontrasterande former for minimalisme, begge med Steve Reich sitt «Drumming» som dreiepunkt. Det første; Bygdin sitt elektroniske tingingsverk, var utlagt mørkt, mediterande og nesten tungt, mot det andre – slagverksensembla Sisu og Kroumata med fleire si tolking av originalen – skimrande, utstrakt og med eit tydeleg fysisk perspektiv.
På kvelden utspelte seg nok eit tosidig tilhøve. Der ensemblet asamisimasa og det britiske InterInterInter begge kan seiast å ha den same dedikerte og leikande tilnærming til kva ny musikk kan vera – framsto asamisimasa sine tolkingar gjennomførte, djuptpløyande og med stor perfeksjonisme, mot dei hine sine humoristiske, ledige innslag. Variasjonen mellom dei fungerte bra, med asamisimasa si tolking av Øyvind Torvund sitt «Themes from Neon Forest Spaces» som eit førebels høgdepunkt.
Assosiasjonane gjekk til den oversiktlege, djupe skogen, der lyset lukkast trengja inn og gjenspeglar små nyansar om gongen; og innslaget av sivilisasjon – noko glorete ved sidan av det naturlege; noko mjukt og hardt på same tid; ei traust folketone framført på raffinert vis, alt mot ekkoet av byens skurr og uro – i møtet mellom akustikk og elektronikk; mellom melodiske element og lydar utan tone.
Faren ved ein festival med mengder av informasjon – og utan klåre føringar for kvar ein vil – er at me aldri finn haldepunkt, og ender opp meir utmatta enn fylde av inntrykk. Men Ultima si største utfordring dette året ligg slik eg ser det meir ved det praktiske, der tidvis uklåre starttider og ikkje alltid like god informasjon, rykkar ved inntrykket av ein solid knutepunktinstitusjon. For om evenementa stundom er noko på hælen, innbyd dei i høgste grad til ettertanke. Festivalen liknar eit veggteppe, som tykkjest ha ein samanheng – ein skog av neonfarga trådar.





