Dagsavisen.no / Kultur /
Perle frå Odd Riisnæs
Saksofonist og komponist Odd Riisnæs er ikkje den hyppigaste plateutgjevaren vår, men for eit album han lagar når han først slår til! «Another Road» (Ponca Jazz/Musikkoperatørene) er denne vårens perle, med Riisnæs i den eine delen i selskap med den sterke songaren Jorun Lovise Hansen og ein strykekvartett. I den andre samarbeider Riisnæs og Husan med kammerkoret Via Cantus, dirigert av Danuta Kozon. Mektig og sterkt lyder kor og musikarar i Frogn kyrkje, med utgangspunkt i eit bestillingsverk Odd Riisnæs skreiv for koret, og som dei vann ein pris med i Praha. Det meste på albumet er komponert av Riisnæs sjølv, med unntak av ein vakker versjon av «Who Can I Turn To» med Riisnæs og Husan, pluss dristig bruk av allegro frå Bachs fiolinkonsert i E-dur, med klassisk musikk som utgangspunkt for improvisasjonar frå musikarane. Riisnæs går slike nye vegar, og hans eige saksofonspel er som alltid også ei nyting å høyre på.
Allyson i Brasil
Karrin Allison er ein vokal favoritt frå USA som sidan debuten på nittitalet har levert et titals solide album, og som i 2001 var dristig nok til å syngje inn alle «Ballads»-låtane frå Coltrane-albumet, med bravur. På «Imagina» (Concord/Universal) tar ho steget inn i den brasilianske songboka, og ho gjennomfører stilsikkert, med tonefølgje av Gil Goldstein, Steve Nelson og andre solide medspelarar. Karrin Allison leverer som alltid.





