Dagsavisen.no / Kultur /
Metheny på dagstur
Ein kan seie kva ein vil om Pat Metheny, men han leverer varene. På ein fridag
på ein turne spela han like godt inn eit nytt album, med tittelen «Day
Trip».
Det er det første albumet Metheny har spela inn med ein trio han har vore på vegen med i fem år, med bassist Christian McBride og trommeslagar Antonio Sanchez. Eit stjernelag på line med den førre trioen han var på vegen med ved tusenårsskiftet, med Larry Grenadier og Bill Stewart. Ut over det er det mest kjende samarbeidet dei siste åra med pianist Brad Mehldau, som resulterte i både eit duo og eit kvartettalbum.
Spør du kva som er stordomstida til gitaristen som berre 19 år gammal dukka opp i bandet til Gary Burton, vil mange svare Pat Metheny Group, bandet han starta saman med Lyle Mays, som han alltid tok det største publikummet med storm med, og som han vann sju Grammys på rad med. Det er med dette og glitrande album med Charlie Haden, Ornette Coleman, Michael Brecker, Dewey Redman og mange andre i minnet vi set oss til rette, med ei utgjeving der vi også får høyre den vakre «Is This America?», innspela under Katarina-katastrofa i 2005, og ein tematisk oppfølgjar av «This is Not America» som har skreiv med David Bowie. Her er også «The Red One» frå eit album han spela inn med John Scofield i 1994, «I Can See Your House From Here». Pittoreske teikningar på coveret tek oss gjennom amerikanske landskap som frå ein roadmovie. Pat Metheny er på vegen, og både med sin akustiske og elektriske gitar har han i ein liten mannsalder vore ein stødig ambassadør for gamlelandet i jazzen. Eit forrykande trommespel frå Antonio Sanchez og Christian McBride som virtuos klippe på bassen, er med på å gjere «Day Trip» til eit Metheny-album av solid merke.
Klassisk norsk
Med «Norchestra» står bandet av same namn for ei uvanleg, for meg overraskande og sterk jazzopning av nyåret. Alf Wilhelm Lundberg er pianisten og gitaristen som har latt seg inspirert av Edvard Grieg, Geirr Tveitt, Terje Bjørklund og dei store russiske komponistane attåt Ravel og Messiaen. Ta med Jan Garbarek, Egberto Gismonti og Keith Jarrett, også inspirasjonskjelder for eit band som kombinerer det gjennomkomponerte med det improviserte med autoritet. Resultatet er fascinerande, sjeldant, storfelt. Kjetil Olai Lundø (bass) og Tore Jamne (trommer) utgjer resten av musikarane frå Haugesund. Dei slepte det nye albumet sist veke, og er på vegen med eit konsertprogram du kan finne på heimesida deira. «Deep Ocean», «Valse Triste» og «La Onda Improlude» blir spela eit band som starta i 1999, har vore husband på jazzklubben «To Glass» i Haugesund, og som med dette er på veg ut til eit større publikum. Det er eit uvanleg sterkt og originalt debutalbum.
Kristins Bessie
Eit moderne jazzalbum med utgangspunkt i bluesdronninga Bessie Smith (1894-1937) er ikkje kvardagskost, men for Kristin Asbjørnsen og Nymark Collective har ikkje vegen vore lang. Mens Ella Fitzgerald eller Billie Holiday har vore dominerande idol for jazzvokalistar, gjekk Kristin Asbjørnsens veg via læremeister Ruth Reese til spirituals, eit samarbeid som resulterte i det sterke «Wayfaring Stranger». «Bessie Smith Revisited» er eit livealbum som sprang ut av eit samarbeid i 2005 mellom Asbjørnsen og Nymark Collective (innspela i 2007), eit band der Kristins tidlegare samarbeidspartnar Tord Gustavsen også er med. Resultatet er bokstavleg tala rått bra, med den håse Asbjørnsen full av Bessie i stemma si, Tord G. på groovy piano og Kåre Nymark med nokre blueskor rett til himmels. Med Mats Eilertsen på bass og Kenneth Ekornnes på trommer er løpet lagt, gjennom «Nobody Knows You When You're Down And Out», «Baby Won't You Please Come Home» og alle dei andre songane frå botnen av Bessies bluesland.
Pat Metheny:
«Day Trip»
Nonesuch (Warner)
Norchestra:
«Norchestra»
Norcd (Musikkoperatørene)
Nymark Collective with Kristin Asbjørnsen:
«Bessie Smith Revisited – Live In Concert»
Nymark Collective (Sonet)






