Dagsavisen.no / Kultur /
Året fullt av jazz
Konsertkick 2007: Kringkastingsorkesteret og Crimetime Orchestra og Sonny Simmons på Cosmopolite 16. august. Foto: Fredrik Bjerknes
Straumen av nye norske jazzplater blir sterkare for kvart år. Er det eit problem for andre enn oss musikkmeldarar?
Rett før jul lanserte Norsk Jazzforum i samarbeid med Utanriksdepartementet promo-utgjevinga «JazzCD.no – 3rd set». Det er eit trippelalbum, og det er den tredje gongen norsk jazz, truleg med suksess, blir promotert på denne måten ute i verda. Dei tre i CD-ane i den siste samlinga inneheld i alt 48 spor frå norske jazzplater, plater som for ein stor del kom ut i 2007, ein del i 2006, og eit par CD-ar som er i kjømda. Mange kom ikkje med, og saksofonisten Petter Wettre har i ein tidsskriftartikkel hevda at det blir gitt ut for mange album som ingen bryr seg om, og at færre bør få støtte til utgjevingar i framtida.
Blomstring
Sjølv ser eg på auken som eit teikn på at det blomstrar som aldri før i norsk jazzliv, sjølv om alt som kjem ut sjølvsagt ikkje er like bra. For meg personleg er problemet den siste søndagen i året å velje «ti på topp», ein umogleg jobb som eg erstattar med eit subjektivt utval, med to trioar frå ulike generasjonar på topp. Det er Håvard Wiik Trio, som sitt nye album sprengjer grensene for kunsten å spele trio, og veteranen Dag Arnesen og trioen hans, som med «Norwegian Song» tok publikum med storm i ein sjanger der söta bror med sin «jazz på svenska»-tradisjon har vore einerådande i Skandinavia. I tillegg må det nemnast at Håvard Wiik, Bugge Wesseltoft og Jon Balke kvar for seg har levert skjelsetjande album der dei spelar solo. Dessutan viser status at Morten Halle og Espen Rud er mellom dei godt vaksne som framleis held koken blant den framstormande ungdommen.
Utfordringa
I fjor oppsummerte vi eit år då vi fekk ei nasjonal jazzscene, som gjennom Belleville og Cosmopolite har stått for eit unikt konserttilbod i ein hovudstad der det også har bobla opp andre scener. Den nasjonale jazzscena jaktar no på nye lokale. Jazzplateåret 2007 viser at det manglar ikkje på musikarar til å fylle dei norske jazzscenene med.
Ti på topp
1. Håvard Wiik Trio: «The Arcades Project»
Håvard Wiik, Ole Morten Vågan og Håkon Mjåset Johansen sprengjer grensene for kunsten å spele trio, og stod for mange store konsertopplevingar.
2. Dag Arnesen Trio: «Norwegian Song»
Både A.O. Vinje og Edvard Grieg er på plass når Dag Arnesen, Pål Thowsen og Terje Gewelt gir ut det beste «jazz på norsk»-albumet til dags dato.
3. Håkon Kornstad: «Single Engine»
Du kjenner deg velkomen når Håkon Kornstad spelar. Saksofonisten har hatt eit sterkt solo-år.
4. Morten Halle: «Halles komet»
Strålande album frå saksofonisten Morten Halle, som spelar betre enn nokosinne med sin nye kvartett.
5. Espen Rud: «Melancholy Delight»
Veteran og trommeslagar Espen Rud er ingen plategrossist, men tredje album på 23 år held som vanleg høg standard.
6. Klaus Holm Kollektif: «What was that you said?»
På tampen av jazzåret kom også eit av dei mest spennande albuma frå kvartetten til saksofonisten Klaus Ellerhusen Holm.
7. Gunhild Seim: «Time Jungle»
Spennande og original platedebut frå trompetisten og komponisten Gunhild Seim.
8. Petter Wettre: «Fountain of Youth»
Den frittalande Petter Wettre fylte førti og gjorde opp status så langt, med sterkt Coltrane-inspirert album.
9. Frøy Aagre/Offbeat: «Countryside»
Vakre bilete strøymer på deg når du høyrer saksofonist Frøy Aagre og bandet Offbeat på «Countryside».
10. Håvard Wiik: «Palinode»
Bugge Wesseltoft: «IM»
Jon Balke: «Book of Velocities»
Tre meisterpianistar går solo.
Konsertkick 2007
1. Årets konsert og årets konsertmelding: Kringkastingsorkesteret og Crimetime Orchestra og Sonny Simmons på Cosmopolite 16. august. «Musikkhistorie over alle grenser, skapt av menneske som ville noko, og som våga og vann.»
2. Mathias Eick i ny kvartett med veteranane Jon Balke, Audun Kleive og Audun Erlien, forsterka med Mattias Ståhl på vibrafon, kanonkonsert i Molde, 19. juli.
3. «Monk's Casino» i Molde 18. juli. Pianist Alexander von Slippenback i spissen for tysk jazzkvintett spela alle komposisjonane til Thelonious Monk, 73 i alt på, i fantastisk Molde-maraton.
4. I fjor fekk Ornette Coleman den første Pulitzerprisen nokon har fått for eit jazzalbum. 6. juli var han konge på Kongsberg.
5. Joshua Redman leverer alltid, og har fornya trioformatet saksofon, bass og trommer, demonstrert på Kongsberg 6. juli.
Gammalt på nytt
Miles Davis: «The Complete On The Corner Sessions»
I 1972 var «On The Corner» er eit av dei mest kritikar-utskjelte albuma til Miles Davis. Her er alle studio innspelingane frå same periode (1972-74) på seks CD-ar.
Charles Mingus Sextet with Eric Dolphy: «Cornell 1964»
Eineståande konsertopptak frå 1964 for første gong på plate, med den same sekstetten som spela i Universitetets aula same år (utgitt på video).
«Live at Monterey»
Den jubilerande jazzfestivalen i Monterey (50) feira med historisk ny live-serie frå konsertar gjennom femti år, med Miles Davis, Thelonious Monk m.fl.
Svein Finnerud Trio: «Preacher – The unreleased works 1969-1980»
Eineståande utgjeving med eineståande trio i nyoppdaga NRK-opptak. Helge Hurums «Spectre» frå nesten same periode.
Søyler som vart borte
Albumet «Pilgrimage» var eit kjenslesterkt farvel med Michael Brecker (1949-2007), ei søyle i jazzen som døydde i januar. To andre søyler som gjekk bort var Joe Zawinul (1932-2007) og Max Roach (1924-2007).





