Dagsavisen.no / Kultur /
Jazzens unge eldresenter
På slutten av den første cd-en spelar Keith Jarretts evig unge trio Fats Waller-klassikaren «Ain't Misbehavin'» i same stil som opphavet. Då svingar det for alvor.
Kan hende verka det slik fordi det kom så overraskande, sjølv om Jarrett alt på sekstitalet tok opp element frå både ragtime og stride, med eit pianospel som var uvanleg fargerikt. Første gong eg høyrde han live var i kvartetten til Charles Lloyd, med unge Jack DeJohnette på trommer. Når Jarretts, DeJohnettes og Peacocks store pianotrio frå siste del av det tjuande hundreåret stadig forlengar livet inn i det neste, med eit repertoar der jazzens standardlåtar stadig står i sentrum, er spørsmålet kva nytt dei har å by på. Kanskje ikkje så mykje anna enn å vise at det er musikk som aldri døyr, som stadig lar seg foredle, slik dei har gjort det sidan «Standards Live» i 1985.
Dobbeltalbumet «My Foolish Heart», er oppkalla etter ein låt som også Bill Evans har sin store versjon av. Her i live-opptak med Jarrett & Co frå Montreux-festivalen i 2001. Keith Jarrett skriv i innsideteksten at dette er opptak han har lagra, i påvente av å presentere trioen på sitt mest svingane, melodiske og dynamiske. Sjølv har eg eit par andre favorittar også, som til dømes «Bye Bye Blackbird» i 1991. Med ein gjennomsnittsalder på 66 er dei tre framleis på vegen. I 2001 var dei seksti i snitt, og med to «stride»-låtar til, attåt klassikarar som «Four», «Oleo», «The Song Is You», «Straight No Chaser», «Gess I'll Hang My Tears Out Dry» og fleire, spelar trioen seg tidvis opp mot sitt beste. Eldstemann Gary Peacock er ein klippe, også som poengtert bassolist, DeJohnette tykkjer eg alltid er på sitt best i dette bandet, og Jarrett glitrar når han spelar «Green Dolphin Street». Sluttballaden «Only The Lonely» kalla Frank Sinatra opp eit heilt album etter. Kanskje det beste.
Groove
Med den tøffe tonen og det energiske spelet stod bandet The Core fram som den norske arvtakaren etter den kompromisslause jazzen som på det amerikanske sekstitalet var representert med Pharoah Sanders, Archie Shepp, Albert Ayler og John Coltrane. Eit drivande liveband som alltid fekk publikum i hundre. Før det hadde det meir reindyrka «Coltrane-bandet» Element noko av det same i seg. The Core var også satsplanken for saksofonisten Kjetil Møsters sprang inn på jazzscena, og med det tredje albumet etter «Vision» (2004) og «Blue Sky» (2006) blir ein nesten nostalgisk, ved gjenhøyret av eit band som trass alt har eksisterte berre på denne sida av år 2000. Bassist Steinar Raknes, pianist Erlend Slettevoll og trommeslagar Espen Aalberg har lagt mange nye alen til veksten, og grooven, energien og råskapen er som han skal vere, gjennom alle dei sjølvskrivne låtane på «Office Essentials». Jazz er aldri kjedeleg med The Core.
Peloton
I ordboka til det nye bandet Peloton tyder ordet ei gruppe eller team (også i sport), med sjølvmotivasjon i høgsetet, og i ein framtidsvisjon frå ein jazz-dictionary frå 2032 spår dei musikalske katastrofar. På norsk er pelotong også ei gruppe, oftast brukt i samanhengen eksekusjonspelotong. Uansett handlar det om ein spennande skandinavisk kvintett som like godt kallar det første albumet «Selected Recordings». Karl Strømme (trompet mm), Hallvard M. Godal (saksofon), Petter Vågan (gitar mm), Steinar Nickelsen (organist med diverse tangentinstrument) og Erik Nylander (trommer) er namn ein vil kjenne att frå ulike jazzband. Dei lagar musikk du med ein gong blir nyfiken på, stadig skiftande i uttrykket, gjerne med blåsarane i parløp, spennande bruk av instrumentale effektar, alt frå det lyriske til det ekspressivt romsterande. Det er musikk i stadig forandring, og haustens jazzmusikalske overrasking.
Keith Jarrett, Gary Peacock, Jack DeJohnette:
«My Foolish Heart»
ECM (Musikkoperatørene)
The Core:
«Office Essentials»
Jazzland (Universal)
Peloton:
«Selected Recordings»
Parallell (Musikkoperatørene)





