ROMAN
Lars Ove Seljestad
«Isberg»
Aschehoug
Eit voldsomt isras knuser eit hus og foreldra som bur i det. Attende står sonen, som var i kjellaren då snøskredet gjekk. Han er aleine. Og han er sint. Rasande, slik dei unge mennene alltid er det i Lars Ove Seljestad sine bøker. Han vil at alt skal vera som før. Vera vanleg. Han vil ikkje at folk skal glo på han med degerdetjammenmegsyndpåblikket. «ALT ER HEILT VANLEG» lyd svaret hans på stiloppgåva «raset». Og «det er ikkje synd på meg».
Men så er det sjølvsagt det likevel, sånn eigentleg. Lesaren ser ein ung mann som verkeleg slit. Som støyter verda ifrå seg, og manglar nokon som hankar han tilbake inn. Ein ung mann som blir meir og meir annleis, utstøytt, med større og større, stadig meir tøyleslaust sinne. I ei handfull utvalde scenar ser vi guten støyta hjelpeapparatet og andre sympatisk innstilte vekk, stå isolert frå den tidlegare kameratflokken på skulen, mislukkast som arbeidskar på den lokale fabrikken, og ty til alvorleg, uprovosert vald.
Det er ei sterk historie. Seljestad er god på sinne. Han ser inn i dei som stiller seg utanfor, som ikkje passar inn, og viser fram det boblande, sydande, ukommuniserte. Særs det siste, dette at orda - det terapeutiske utløpet for det vonde - manglar og sviktar, kanskje aldri var der i utgangspunktet, viser han på overtydande vis, her som i sin forrige roman, «Fjorden». I staden får sinnet fysisk utløp, i barnsleg irritasjon over manglande talent som arbeidskar, eller i brutal vald med handemakt.
Men i «Isberg» er det dessutan andre krefter i spel. Naturkreftene, personifisert gjennom den hardt samanpakka snøen som raserer alt på heile fjellsida, har i «Isberg» vilje, tankar, sjel. Før og innimellom scenane frå livet til den rasråka guten, er der lyriske passasjar kor isberget fortel, i eit gammalmodig, edda-aktig språk:
«Slik er min vilje: Ubryteleg. Uendeleg. Utvilsam. Utilgjeveleg. Allmektig. Utan atterhald er min vilje. Utan mål er min vilje. Den kjenner korkje vondt eller godt. Den er bortanfor slike små menneskeord. Min vilje er stor. Den er alt.»
Så, på underleg vis, nærmar dei to seg, og smeltar nesten saman, isberget og guten. Idet guten er på jobb kor han spyler syre frå kjellaren på verket, dukkar eit «kjellarmenneske» opp. «Eg er kongen. Myrkrets konge er eg. Under alle andre. Er eg fri. Mitt myrker gjev meg makt... Eg er einsemdkongen». «Isbergkongen» er der også, så nøyaktig kven som er kven her, er nesten vanskeleg å sjå.
Passasjen er forvirrande, men også fascinerande. Opnar Seljestad for at guten er blitt ei slags naturkraft sjølv? At han ikkje lenger er heilt menneske, men noko som nærmar seg rein vilje, reint sinne? Neste og siste episode, kor guten bankar ein uskuldig mann fordi han meiner denne «glor», tyder nesten på det. Ikkje at det er sånn, men at det er sånn det opplevest å vera inni sinnet (i dobbel forstand) til eit «forstyrra» menneske. Kanskje.
Den som ventar ei klassisk forteljing med byrjing, dramatisk vendepunkt og positiv forløysing i slutten, vil med andre ord få noko å tygga på i «Isberg». Her skjer definitivt ei utvikling. Men kva er eigentleg moralen? At menneska er små og naturen stor? Eller at fallet har sin eigen estetikk, at berre det opnar for verkeleg fridom? Samanblandinga mellom det besjela isberget og guten tyder nesten på det:
«Alle er vi fødde for å falla. Vi Isberg især. Med all vår knusande kraft fell vi mot menneskeheimen. Skakar han. Viser dei småe at dei er små. Viser dei at det finst større krefter enn menneskemakt. Tvingar dei inn under dei gamle lovene. Det rasande raset er vår lagnad. Det sugande stupet er vår veg. Berre i fallet er vi frie».
Ei tankevekkande bok er det i alle fall, uansett korleis ein les.
gerd.elin.sandve@dagsavisen.no










