Navn i nyhetene

Bok om Wimbledon

Du kjenner trolig Gudmund Skjeldal fra langrennsløypa en del år tilbake. Nå har han skrevet om tennis.

Hvem: Gudmund Skjeldal (46)

Hva: Lærer, forfatter, idéhistoriker, journalist og tidligere langrennsløper.

Hvorfor: Har skrevet boken «Wimbledon – der graset er grønast».

Hvorfor en bok om tennis?

– NRK-legenda Herbjørn Sørebø skreiv at «bønder spelar ikkje tennis». Det stemmer ikkje; sjølv på småbruket Skjeldal, der eg voks opp, blei vi barna fengsla av dei spennande duellane mellom Borg og McEnroe. Tennis er ein svært vakker idrett, med det korte grøne graset, og dei kvite ranke linjene, og dei herlege banane til den gule ballen. Tennis er ein svært mental idrett, og difor veldig interessant å skriva om.

Tennis har et rykte som sport for fiffen. Jeg spiller selv tennis en gang i uka, og får høre det på kontoret. Hvorfor er det slik tror du?

– Så bra at du ikkje bryr deg om ryktet! Tennis har rett nok rot i overklassane i Europa. Men det hindra ikkje ein arbeidarklassegut som Björn Borg å bli aller best, sjølv i ærverdige Wimbledon.

Hvem er din favorittspiller gjennom alle tider?

– Det fine er at vi lever i gullalderen for tennis, med Williams-søstrene, og med dei fire store Federer, Nadal, Murray, og Djokovic. Av desse er det sveitsaren Roger Federer som spelar vakrast.

Hvorfor er Wimbledon fortsatt så sagnomsust?

– Historia er jo veldig lang, snart 150 år. Og spelarane i dag spring på den same stadion Centre Court som majestetar som Suzanne Lenglen og Molla Mallory på 1920-talet. Wimbledonarrangøren er flink å vakta om tradisjonen av fair play og amatøridrett, difor dei kvite draktene som spelarane må bruka, difor nesten ikkje reklame på stadion i det heile tatt. Tennissporten har i det heile klart å ta vare på historia si, mykje meir enn til dømes langrenn har klart i Norge.

Vil vi se Casper Ruud i Wimbledon?

– Eg såg han i juniorklassen i fjor. Fortset han framgangen slik som no, vil han klara å kvalifisera seg til seniorklassen alt i år. Det hadde vore verkeleg moro – det er altfor lenge siden, nesten 20 år siden, pappaen Christian Ruud spela på Court One!

Hvem var din barndomshelt?

– John McEnroe var eg fascinert av, men han var ingen helt som levde etter idealet fair play. Oddvar Brå beundra eg vel. Faren min var vel den største helten, trur eg. Han elska å arbeida på garden, dag og natt.

Hva misliker du mest ved deg selv?

– Dette spørsmålet er vrient. Anten svarar eg noko som berre gjer meg meir sympatisk, til dømes at eg er arbeidsnarkoman, eller så skriv eg noko som er verkeleg sant, hårsårheit for kritikk, som verkeleg gjer meg usympatisk.

Hva er du villig til å gå i demonstrasjonstog for, eller mot?

– Eg demonstrerte mot den amerikanske krigføringa i Irak, trur eg det var. Eg kunne godt tenkt meg å demonstrert mot den norske bombinga av Libya.

Er det noe du angrer på?

– Ganske mykje. Eg har skrive ei heil bok om det, ho heiter «Nestbest».

Hvem ville du helst stått fast i heisen med?

– Det er ein fæl ting å stå fast i heisen – eg orkar ikkje tanken på det, at eg liksom skulle stått i heisen og snakka om filmane til Martin Scorsese. Men eg skulle gjerne gått på kafé med han!

Mer fra Dagsavisen