Nye takter

Vijay Iyers store vitskap

- Eg ville bli fysikar, men vitskapen om musikk er viktigare for meg, seier pianisten Vijay Iyer, som heldt ein gnistrande kyrkjekonsert på Kongsberg.

- At eg skule syngje på norsk var eg aldri i tvil om, seier Emilie Storaas i gruppa Møll.

KONGSBERG (Dagsavisen): Ho er frå Trondheim, og då er norsk trøndersk, med tekstar ho har skrive sjølv og framfører tydeleg og med stor kraft, til spennande tonefølgje av Tord Nilsen på tuba, Kim Christer Hylland på trommer, og Viljar Sellevold på gitar. Møll er eitt av mange unge band som på denne festivalen har halde konsert på utescena i beste lunchtid, men Storaas opna med ein song på engelsk.

- Det er den første gongen eg har gjort det i Møll. Om det blir meir av, veit vi ikkje. Det vi veit er at vi vil gje ut plate, men namnet på albumet er ikkje bestemt.

Gitaristen er frå Voss, trommeslagaren frå Odda og tubaisten frå Langevåg. Basen var jazzutdanninga i Trondheim, og som vanleg i den framstormande unge jazzen, er alle også med i andre band.

- Kvifor heiter bandet Møll?

- Det kom eim sverm av møll inn i øvingsrommet ein dag då vi opna vindauget. Det er slik mange songtitlar oppstår, seier Emilie Storaas.

- Vokal og tuba er å høyre i fleire norske band sidan Live Maria Roggen og Lars Andreas Haug starta Tuba, så kom dei to trioane Chilli Vanilla og Pelbo med tuba og vokal. Tilfeldig?

- Hos oss er det ingen spesiell grunn, men tubaen var med då tre oss byrja å spele saman på Sund folkehøgskule. Så ønskte vi ha med ein gitar og så vart vi fire, og vi har spelt saman i to år. Eg skriv tekstane, saman lagar vi musikken.

- Når bestemde du deg for å syngje jazz?

- Eg var seksten år gammal, eg likte fridomen i jazzen og såg det som ei stor utfordring. Ella Fitzgerald, Billie Holiday og Sarah Vaughan var sjølvsagt store inspirasjonskjelder, og eg har høyrt mykje på songarane i Trondheim Voices.

- Blir jazzen levebrødet ditt?

- Eg er snart 21 år og satsar på det, ja.

Med førestellinga «Touch» som takk for den store jazzprisen på Kongsberg, sette Arve Henriksen og ensemblet hans ein ny standard.

KONGSBERG (Dagsavisen): Det kan vere ein spore til nytenking ikkje berre når det gjeld til dømes tingingsverk, men til å nytte seg av den kunstnariske fridomen i det heile, i dette tilfelle på ei jazzscene. Samstundes viser nettopp Arve Henriksen med sitt mangslungne og store repertoar å spele på, at han også er ein mann for å tenkje nytt når det gjeld konsertformatet. Med å utvide det visuelle uttrykket ikkje berre med scenografiske effektar, som er vanleg, men med ein dansar som del av ensemblet, Slik gjekk Henriksen til verket og skapte ei utfordrande og vakker førestelling, med dansaren Therese Skauge, dei to perkusjonistane Terje Isungset og Ingar Zach, Helge Sten på gitar og elektronika, Anastasia Isachsen som videokunstnar, og Henriksen sjølv som med verdas lysaste trompettone attåt eit rikt utval munnleg lydbruk elles, var det han sjølv kalla ein musikalsk kommentator.

Ny konsertserie

Med denne førestellinga var den 48. Kongsbergfestivalen framleis berre halvvegs, yndlingen Dee Dee Bridgewater hadde nett gått av utescena Tubaloon etter å ha spelt på heile sitt kjende register som jazzvokalist i særklasse, enno berre 62 år gammal. Torsdagen var også starten på ein framifrå konsertserie med norske musikarar i eit samarbeid mellom festivalen og den amerikanske jazznettstaden All About Jazz. Og for første gong sidan Jazzintro-tevlinga i regi av Norsk Jazzforum starta, sende juryen begge dei konkurrerande banda Moskus og Knyst vidare til finalen i Molde.

Unge, lovende briter

Ei gledeleg overrasking alt på festivalens først dag var det unge britiske jazzbandet Led Bib som sette Energimølla i kok. Når du les dette har Atomic vore her, ein ny jazzpris skal delast ut i dag, og den 48. jazzfestivalen vil etter eit syttitals konsertar gå i mål, med Lizz Wright som vinnar i sitt slag på scena.

KONGSBERG (Dagsavisen): Medspelarane er bassist Stephan Crump og trommeslagaren Marcus Gilmore, trioen som nyleg gav ut plata «Accelerando», oppfølgjaren til det prisvinnande albumet «Historicity». Iyer som er fødd i USA i 1971 av indiske foreldre spelar også i kvartett med saksofonisten Rudresh Mahanthappa, og det er berre ein del av ei musikalsk verksemd som omfattar samarbeid med musikarar av ulik bakgrunn. Han har komponert orkesterverk og har ein omfattande diskografi. Likevel er det i jazzen han har utmerka seg mest, med ein originalitet i uttrykket som spring ut av den mangslungne tverrmusikalske bakgrunnen.

RÅKA AV MONK

- Jazzmusikar vart eg nærmast med eit tilfelle. Eg byrja på klassisk fiolin, samstundes som eg leika meg med pianoet og improviserte over poplåtar eg kunne. Men det var ingen som lærde meg jazz, eg hadde aldri lese jazzhistorie, men i sekstenårsalderen byrja eg å sjekke ut Herbie Hancock, Miles Davis, det var nok å ta av. Til eg ein dag høyrde Thelonious Monk.

- Kva var det som slo deg med musikken hans?

- Eg høyrde noko eg kunne forholde meg til, det kompromisslause i det han gjer, det fargerike spelet. Han var ein komplett musikar, seier Vijay Iyer.

- Foreldra mine kom til USA i 1964, det gjekk lenge før eg byrja å interessere meg for musikken der dei kom frå, men eg samarbeider også med indiske musikarar, og det er sjølvsagt spor av det i min eigen musikk.

NICHOLS Med flere

På den siste plata spelar Iyer Michael Jacksons «Human Nature» og annan musikk over eit breitt spektrum i tillegg til sin eigen. Intervjuaren merkar seg Herbie Nichols (1919-63), ein særprega jazzpianist som også har fascinert vår eigen Maria Kannegaard.

- I han høyrer eg ein som lagar sofistikert musikk og som aldri spelte ein klisjé.

- Du byrja å studere klassisk musikk, korleis påverkar det jazzen?

- Eg komponerer musikk for orkester i mange slags format, men nokon klassisk musikar har eg aldri vore. Eg er inspirert av dei store komponistane, og Thelonious Monk er ein av dei. Når det gjeld mitt eige pianospel er det inspirert av andre pianistar som også var og er komponistar, som Andrew Hill, Sun Ra, Nicholson, Cecil Taylor, Monk, Randy Weston og Alice Coltrane. Det handlar om samanhengen mellom komposisjon og improvisasjon, harmoni, rytme, action! Du skal fornemme kroppen i musikken.

BARAKA

- På platelista er det ei der du spelar med Amiri Baraka. Korleis var det?

- Eg var i bandet hans i mange år, og det er den same aktivismen i musikken hans som i poesien. Bakgrunnen er afro-amerikansk, og Baraka er alltid oppteken av å skape forandring, eg kallar det poetisk aktivisme, og han er framleis aktiv. Eg spelte nyleg saman med han i ein tributt til Cecil Taylor. Det strålar ei kraft ut av det han gjer.

- Før du gav deg musikken i vald studerte du matematikk og fysikk. Tenkte du på ein vitskapleg karriere?

- Eg ville bli teoretisk fysikar, men visste ikkje om eg var god nok, samstundes som det tok tid før verda ville la meg bli musikar. Fysikk gav eg opp midt på nittitalet, men i staden studerte eg musikkvitskap og tok ein doktorgrad. For meg var det viktig for forstå kva musikken gjer med oss. Det burde alle musikarar studere.

FRAMSIDEMANNEN

Vijay Iyer er i Norge for fjerde gong etter å ha spelt i Tromsø, Trondheim og Oslo. Han er grossist i musikkprisar, og det førre trioalbumet «Historicity» vart kåra til Årets Album i Down Beat og i aviser som New York Times.

- I neste nummer av Down Beat er eg på framsida, etter å ha gått til topps i fem kategoriar i år, som årets jazzmusikar, årets pianist, årets jazzband, årets jazzalbum, og som årets «rising star» i komposisjon. Det er eg stolt av, seier Iyer.

Mer fra: Nye takter