Nye takter

Musikkens lyriske kraft

Trio eller kvartett, Tord Gustavsen held lydaren fast som ingen annan.

I eit intervju i samband med «The Well» seier Gustavsen at det er sterke parallellar mellom å spele med saksofonisten Tore Brunborg og med ein songar. Brunborg er ein stor melodisk tenkjar som aldri spelar for mykje, men går sterkt inn i den lyriske sida ved musikken. Brunborg er også med i bandet til Mats Eilertsen, bassisten i Tord Gustavsens nye kvartett. Jarle Vespestad var Gustavsens trommeslagar i ein trio som med den no avdøde bassisten Harald Johnsen trollbatt publikum på ein måte jazzverda knapt har sett maken til. Dermed er vi alt inne i den nye kvartetten, som på opningssporet «Prelude» berre med trio straks slår an tonen. Stykket «Playing» med ein monoton bass i botnen hevar temperaturen, før Tore Brunborg på «Suite» kjem nesten smygande med saksofonen, og etter den nydelege første delen med piano og strykebass vidar ut landskapet. Kvartetten CD-debuterte i kvintett med songaren Kristin Asbjørnsen på «Restored, Returned» etter eit bestillingsverk på Vossa Jazz, og den sakrale «Communion» forsterkar ei kjensle av andakt som ikkje blir mindre av «Circling» som i trio er ei rein oppstode. I tillegg til Cheltenham laga Gustavsen i fjor musikk til den internasjonale kyrkjemusikkfestivalen i Oslo, og «Prelude» og «Communion» er to av dei. Ein variasjon av den siste kjem mot slutten, før dette utsøkte ensemblet tek oss like vakkert ut som inn, med «Intuition».

Religiøs treng ein ikkje for vere for å nyte musikken, men ei oppleving av dei sjeldne er det uansett.

Zanussi tretten

I fjor fylte Zanussi 5 ti år, og i høve jubileet feira dei, utvida til Zanussi 13, med strålande jubileumskonsertar i januar i fjor som resultat. Oslo-konserten er no utgitt på albumet «Zanussi Thirteen», med nye konsertar i Zanussis heimby Stavanger og i Oslo denne veka, og det er verkeleg det musikalske fyrverkeriet ein kunne vente med dette krutsterke mannskapet. Zanussi 5 var bassisten Per Zanussis gjennombrot i den norske jazzheimen, eit band med den ikkje heilt vanlege besetninga tre saksofonar, trommer og bass, og som med sitt første album av same namn gav klar beskjed. «Ein ny sterk tilvekst til jazzens store drivhus» var mine ord, to plater til følgde i tillegg til ei plate med Zanussi og Trondheim Jazzorkester, og superlativa stod i kø. Med Kjetil Møster, Jørgen Mathisen og Eirik Hegdal attåt trommeslagaren Gard Nilssen var det fem unge musikarar på full frammarsj, med Zanussi sjølv som komponist av format. Det kom to album til pluss eitt med Zanussi og Trondheim Jazzkonsertar, mange andre frå jazzens øvste divisjon har vore innom bandet og dei åtte ekstra på plata er Stian Westerhus (gitar), Jonas Kullhammar, Martin Kuchen, Rolf-Erik Nystrøm, Øyvind Brække, Mikko Iannanen, Klaus Holm (blåsarar) og Per Oddvar Johansen (trommer). Vel bekomme!

Lytt, lytt!

Om du ikkje kjem i hug namnet Rez Abbasi, så baud både saksofonist Rudresh Mahanthappa og pianisten Vijay Iyer begge med jazzalbum av høg kvalitet det siste året. Gitaristen Rez Abbasi er fødd i Karachi og oppvaksen i California, og er leiar for bandet Invocation som med «Suno Suno» leverer sitt andre jazzalbum etter debuten «Things To Come» frå 2009, i Downbeat rangert mellom dei beste jazzplatene det tiåret. Abbasi studerte klassiske indiske rytmar og drog til India for å lære meir. Johannes Weidenmueller og Dan Weiss spelar bass og trommer, og om det funky albumet av og til kan få noko oppjaga over seg er, er det full fres frå start med låten «Thanks For Giving». Det er komposisjonar som fokuserer på musikk frå Pakistan kalla Qawwali, og som etter Abbasi svarar til Vestens gospelmusikk. «Suno Suno» er urdu for «lytt, lytt», og her er sterke instrumentalistar på eit drivande godt album. «Det er det første albumet som femner heile totaliteten min», seier sjefen, og vi trur han.

I Maridalen i Oslo ligg eit gammalt kruthus, i dag er det atelier for kunstnarane Sverre og Vera Wyller, og hit drog bandet Parallax for å spele inn sitt andre album «Krutthuset» (Pling Music/Musikkoperatørene). Der er det også god akustikk, og du skal høyre knitringa frå ein jøtulomn dei fyrte opp ein kald haustdag for plateinnspeling. Det og sterk inspirasjon elles gav namnet til det ny albumet etter CD-debuten «Live In UK», framleis med Stian Omenås (trompet og perkusjon), Are Lothe Kolbeinsen (gitar) og Ulrik Olsen Thorsrud (trommer). All lyd skriv seg frå huset med eit inventar du kan studere Andreas Ulvos bilete av i heftet til CD-en. Omstenda speglar seg dermed att i titlar som «Sti», «Mørket siger på», «Under stein», for ikkje å snakke om «Hente ved».

Trioen oppstod i 2008, og med denne ekvipasjen har bandet skapt seg eit fortent namn på den europeiske improvisasjonsscena. Etter norsk sleppkonsert er Spania første etappe på ein turné utanriks, som etter planen skal føre dei like til Brasil.

Mer fra: Nye takter