Nye takter

Weills West

Songar Theo Bleckmann og pianist Julia Hülsmann m/band gir deg Kurt Weill slik du ikkje har høyrt han.

Julia Hülsmann Quartet w/ Theo Bleckmann

«A Clear Midnight: Kurt Weill and Amerika»

ECM (Musikkoperatørene)

Det opnar med «Mack The Knife» med tekst og melodi i beste hender hos Hülsmann og Theo Bleckmann. I kvartetten til Hülzmann spelar Tom Arthaus trompet, Marc Muellbauer bass og Heinrich Köbberling på trommer, og vi får ein instrumental-versjon av «Alabama Song», før den makelause Bleckmann kjem attende med «Your Teqchniques». Men kva er det vi er med på?

Det starta på Kurt Weill-festivalen i Dessau i 2013, albumet heiter «A Clear Midnight: Kurt Weill and America», der den «unsung» Weill blir sameina med klassikarar som nettopp Mack The Knife. Weill vart amerikansk statsborgar, han skreiv musikk til tekstar av Maxwell Anderson («September Song»), Walt Whitman («A Clear Midnight m fl.»), Ogden Nash («Speak Low»), Langston Hughes («Great Big Sky») og Ira Gershwin. Det er det kjende og ikkje så kjende i spennande arrangement, med dei sterke tekstane i trykt CD-heftet. Ein ny måte å gå inn i Weills musikk på, også med eit fokus på tekstane, der Theo Bleckmann med sitt unike songuttrykk også kjem til sin rett.

BenReddik på norsk

Med den norske jazzseptetten BenReddiks album «Gjemsel» (Norcd/Musikkopera-tørene) kan du gle deg til eit stykke norsk jazz av edlaste merke. Ikkje berre fordi vokalisten Marte Therese Jakobsen også syng på klingande norsk, som framleis er ein milepåle i seg sjølv, men for den gjennomkomponerte, men også opne musikken, framført av ein septett utanom det vanlege frå det veksande jazzmiljøet i Stavanger. Camilla Hole (saksofon), Håkon Hagen Knudsen (saksofon mm), Magnus Murphy Joelson og Johannes Fosse Solvang (trombone), Morten Berger Stai (bass) og Knut Kvifte Nesheim (trommer), er saman med vokalisten Jakobsen den originale besetninga bak eit album eg vil kalle ein liten sensasjon denne våren.

BenReddik har konsert på Nasjonal Jazzscene 6. mai.

Mer fra: Nye takter