Annonse
Jon Balke med hatt øvst til venstre viser stolt fram bandet på den andre Siwan-utgjevinga.

Ut i verda med Siwan

Med sitt nye Siwan-band vil Jon Balke og bandet hauste nye triumfar, etter ein strålande konsert i Jakobs-kyrkja i Oslo.

Annonse
Jazz

 

Jon Balke & Siwan

«NahnOU Houm»

ECM

Bandet oppstod som eit bestillingsverk til den no jubilerande klubben Cosmopolite Scene i Oslo i 2007. Det nye albumet heiter «Nahnou Houm», og er som før inspirert av poesi frå Andalucia, og vart spelt inn i København i januar.

Tittelen «Nahnou Houm» vert sett om til «vi er dei». På den første Siwan-plata song marokkanske Alina Alaoui, som også har gitt ut sin eigen musikk på ECM. Den nye sterke songaren Mona Boutchebak frå Algerie frontar det nye bandet.

Balke skriv i cd-heftet at dette er musikk laga i ei tid med makthungrige leiarar. Perkusjonisten Helge Norbakken er med i bandet, så også fiolinist Bjarte Eike i spissen for Barokksolistene. Norbakken og Pedram Khavar Zamani er musikarar som er garantert stor lukke.

Bakgrunn og besetning er gjort grundig greie for i cd-heftet, og du vil høyre strengeinstrument utan like. For sitt første album på ECM vann Siwan den internasjonale prisen, og nye prisar vil stå klar etter ein ny internasjonal suksess.

Her viser den nye songaren sin meisterskap, når det gjeld å kombinere europeisk og arabisk tradisjon i sitt musikalske uttrykk. Det har vore eit viktig prosjekt når det gjeld å spegle att eit stort musikalsk register, skriv Balke.

Elleve songar med utgangspunkt i ein andalusisk bakgrunn er ei skilsetjande oppleving med sine spennande og mangfaldige arrangement.

Første konsert var på Oslo World laurdag 4. november, og er noko av det vakraste denne medarbeidar har opplevd. Som musikalsk kosmopolitt har Balke brei røynsle, og med Mona Boutchebak i spissen heile vegen vil den vakre og kraftfulle musikken stråle.

Den andre utgåva av Siwan har fått ein pangstart.

Annonse