Annonse
Luca Aquino med sykkel og flugelhorn i fjellheimen i Europa. Sjukdom hindra han i lanseringstur til Norge, men plata kom hit i den førre veka.

Sykkel-uhell med sterk jazz

Trompetisten Luca Aquino har gitt ut eit glitrande jazz-album, om den europeiske lanseringa ikkje gjekk etter planen.

Annonse
Jazz

«Aqustico Vol 2» (Losen Records/Musikklosen) kom ut i Norge den førre veka. Der spelar Carmine Ioanna trekkspel, på to av spora Giampere Franco.

Planen var at Aquino på 70 dagar skulle sykle 4000 kilometer frå heimstaden Benevento sør i Italia og avslutte med konsert på Oslo Jazzfestival. Han hadde brukt to år på å planlegge turen, men to dagar før start vart han råka av ein lammelse i den eine halvdelen av andletet.

LOS182-2
 

Turen skulle vere del av ein kampanje i regi av UNESCO mot «ekstremisme og radikalisme, og musikalsk er albumet ei fryd å lytte til. Plata inneheld ni spor frå trompetisten, som er fødd i det sørlege Benevento i Italia og tidleg var influert av Paolo Fresu og Enrico Rava. Hans første album kom i 2007, eit år seinare spelte han med trompetisten Roy Hargrove.

Luca Aquinos nye plate er spennande og mangefasettert, og perkusjonisten Giampero Franco har medverka til eit album over eit breitt harmonisk spekter. Charles Aznawur har signert «Blue Vessel».

Luca Aquino har spelt inn i to album med Manu Cache. På scena har han elles spelt med Sting, Richard Bona, Paul Midon og vår eigen Tore Brunborg. Den mjuke, fyldige, gjerne fleirstemte trompettonen finn seg nye vegar, trompet og trekkspel er ein sikker vinnar, og Carman Ioanna var tidleg ute i faget. «Frangietta» er ei perle.

Annonse