Nye takter

Sterk debut!

«Changing Times» frå saksofonisten Lukas Zabulionis og bandet hans ein uvanleg sterk debut.

Med Litauen som opphav har Zabulionis vakse opp i Sandefjord, bandet vart til ved jazzlinja i Trondheim. Der møtte han bassisten Kristian B. Jacobsen og pianisten Ivan Blomqvist, frå musikklinja i Sandefjord kom trommeslagaren Per Kamfjord og gitarist Arne Martin Nybo. For to år sidan bestemde dei å bli eit band, eit musikalsk lukketreff med originale toneval og arrangement over eit stort spekter. Allereie i den vesle introen «Cast Off» spissar du øyra. Musikken er mellom anna inspirert av ECMs jazz-estetikk frå syttitalet. Om ord ikkje alltid er lette å finne, ventar det alltid spennande musikalske opplevingar frå fem glitrande solistar.

Zabulionis har mange idol, mellom dei han framhevar er den amerikanske gitaristen Ralph Towner (frå gruppa Oregon), og han kan aldri få nok av musikken til den avdøde saksofonisten Michael Brecker. Han byrja å studere ved Toneheim, og har medverka i fleire norske band. Alle i det nye bandet bur no i Oslo, og forventningane vil bli høge.

Meir frå Lyngørjazz

I 2001 kom gitarist Bjørn Solli med albumet «Aglow: The Lyngør Project Volum 1». Med Lyngør som ein tredje heim var det eit prosjekt med musikarane Seamus Blake, saksofon, Ingrid Jensen trompet, Aaron Parks (piano), Matt Clohesy (bass) og Bill Stewart (trommer), med standardlåtar innspelt i Lyngør. Oppfølgjaren er «Reviscence» (LYRE/ Musikkoperatørene), Lyngør-prosjektets del 2, med Phil Donkin bass, Adam Pache trommer, Jon Wikan trommer og Tom Collins vibrafon. Solli har halde den amerikanske jazztradisjon i hevd, og tanken bak kan du lese, til strålande tonefølgje.

Garrett leverer!

Sidan unge Kenny Garrett spelte live med Miles Davis på norske scener på åttitalet, har han hatt ein plass i våre hjarte. «Do Your Dance» (Mac Avenue/Musikklosen» er eit strålande album frå saksofonisten og vokalisten som har skrive all musikken sjølv. Enjoy!

Mer fra Dagsavisen