Nye takter

Snøsmelt

Med London Sinfonietta spelar Marius Neset oss inn i jazzåret 2017.

Albumet heiter «Snowmelt» (ACT/Musikkoperatørene), all musikk har han skrive sjølv, og saksofonisten sparer ikkje på taktene om det er symfonikarar eller andre han spelar med. Overgangane er snøgge når han betre enn mange jazzmusikarar går i nærkamp med strykarane, og med dei faste jazzmusikarane i bandet med Ivo Niemo på piano, Peter Eldh på bass og Anton Eger på trommer. Fødd i Oslo, fastbuande i Københav og ofte på dei britiske øyar, gjorde han eit bestillingsverk i Molde som det lukta svidd av. Som både solist, orkestermusikar og komponist stiller han sterke krav til alle musikarar. Opphavet til «Snowsmelt» er eit femten minutt langt stykke skrive for saksofon og kammerorkester og songarar. Tette arrangement mellom orkester, trommer og (solo) bassen til Petter Eldh er signert Neset på sitt beste.

Med det femten minutt lange tittelsporet som albumets høgdepunkt til slutt. Om det blir meir snøsmelting av det, er uvisst i desse klimatider. 2016 vart eit sterkt jazzår, og All Ears er snart like rundt hjørnet.

Hegge midt på natta

Ein verkeleg frisk start på nyåret får du også med «Midt på natta» (Musikklosen/Losen), signert Operasjon Hegge, som er eit nytt norsk band starta av bassist Bjørn Marius Hegge. Han arbeider med ulike prosjekt, og har skrive det meste av musikken til bandet der han sjølv spelar bass, Petter Kraft og Martin Myhre Olsen saksofon, Torstein Lavik Larsen trompet, Simon Albertsen trommer. Musikarar frå Megalodon, Skadedyr og andre band der dei også er aktive. Plata kom ut på nyåret, klar til avnyting når nyttårsrusen er over.

Til Bix Biderbecke

Dobbelalbumet «Echoes of Swing: A Tribute to Bix Beiderbecke» (ACT/Musikkoperatørene)» nyttårsgåva med musikk av Bix Beiderbecke (1903-31), trompetisten som fekk eit kort liv, men som var ein stilskapar. Eit fyldig teksthefte høyrer med.

Mer fra: Nye takter