Bilde 1 av 2
Nye takter

Ringen slutta for Charles Lloyd

– Livet her på jorda er ein mellomstasjon, seier Charles Lloyd (80), femti år etter at han heldt sin første konsert i Oslo.

Det hende 29. oktober i 1966, og denne veka kvitterte han med ein strålande jubileumskonsert i den same Universitetets Aula i Oslo, som då. I jubileumsbandet spelar Jason Moran piano, Harish Raghavan på bass Eric Harland på trommer, og på faderleg vis leia han bandet gjennom ein inderleg konsert, der saksofonen hans framleis kling like vakkert og nesten silkefint som før, innimellom også på ei langfløyte.

Etter ekstranummeret kvitterer han med diktlesing, og stemninga er som det heiter til å ta og kjenne på.

– Eg hugsar dei store Munch-bileta den gongen, men kjende ikkje opphavet, seier Lloyd, som også står på filmprogrammet til Cinemateket under jazzfestivalen med den sterke dokumentarfilmen om han, «Arrows To Infinity», regissert av Dorothy Darr, og omtalt her i avisa då han kom som dvd.

Det var den 29. oktober 1966 Charles Lloyds kvartett heldt konsert i Universitetets Aula. Sidan 1963 hadde det vore den viktigaste konsertscena utanom klubbane i Oslo. I kvartetten til Lloyd (26) spelte Keith Jarrett (21) på piano, Cecil McBee (30) på bass og Jack DeJohnette (24) trommer. Ringside i aulaen var denne medarbeidar på den vidgjetne konserten til Charles Mingus same stad i 1964, og på Thelonious Monks konsert april 1966.

Det er hans siste konsert i Europa sidan 9. april, då han fortalde om sitt siste store album i band med Bill Frisell i «I long To See You» med coverlåtar frå folkemusikk til jazz.

Charles Lloyd hatt mange konsertar i Noreg, og reknar sjølv med eit dusin.

– Kva hugsar du elles frå konserten i 1966?

– Vi spela inn plate på den turneen i 66 også, og nokon fekk ho oss med heim til ei som heitte Randi Hultin og ofte inviterte jazzmusikarar heim til seg. Eg hugsar meir frå 1964 då eg spelte med Cannonball Adderley og Joe Zavinul. Og eg hugsar vi spelte for fleire tusen i Royal Albert Hall, men historia tilslører.

Følg Dagsavisen på Facebook og Twitter!

Det var etter megakonsertar på dei store rockescener om Fillmore East Charles hoppa av bandvogna og gjekk i indre eksil.

– Du var borte i mange år, og mange må ha spurt deg kvifor?

– Eg var i eksil Big Sur i tre år frå 1965 til ’69. Eg trudde eg var ein visjonær i ei barbarisk verd der business og ville vesten var det same. Mens eg var borte frå jazzen spelte eg i fleire år med Beach Boys og Brian Wilson, som er ein god komponist. Men det var ingen vekst i det for meg, seier Lloyd.

Han snakkar om klassikaren «To have and have not» med Humphrey Bogart og Lauren Bacall, basert på ein roman av Ernest Hemingway.

– Du kan likne det med å dope deg sjølv, men det er inga spirituell reise.

Seier Lloyd som set på opptak med ein god høgtalar med nydelege innspelingar han har gjort, som enno ikkje finst på plate.

– Hos meg er det Dorothy som styrer, eg er berre musikk, nei eg meiner «all music»! Når eg drog til vestkysten var det som å vere på eit college for sånne som meg. Som sjef for Beach Boys hjelpte Mike Love meg, og vi er fødd på same dag. Eg hugsar Jimi Hendrix som dukka opp og andre, seier Lloyd.

Som vart inspirert av den handikappa pianisten Michel Petrucciani som kom på besøk, «ein avatar av eit menneske» som Lloyd seier.

Det var med albumet «Fish Out Of Water» Charles Loyd for for alvor kom ut av stilla, med Bobo Stenson på piano, Jon Christensen på trommer og Palle Danielsson på bass, og han i studio til meisteren Jan Erik Kongshaug forstod at han ikkje hadde opplevd musikken sin som sann. Charles Lloyd er framleis ven med Brian Wilson. Han spelte ikkje som Beach Boys, men hadde høyrt på musikk av Clare Fisher og songgruppa The Hilo’s som var store på femtitalet.

Les også: Rumi-song for deg og meg

Ein vedunderleg vakker versjon av «Stella By Starlight» lyder frå høgtalaren. Lloyd har spelt han inn med strykarar i eit vedunderleg vakkert arrangement. Han deklamerer ein tekst som seier at mennesket er fødd ikkje berre for leve eit liv, men for augneblink å oppleve den intense lukka av ei fri sjel i samvær med Gud.

Charles Lloyd er ein bramfri mann, og vågar du deg på eit politisk spørsmål i ei Donald Trump-tid, svarar han med ei likning, om då han møter Peter i perleporten.

– Dei hadde aldri hatt ein politikar der, men den nye gjesten ville ha to dagar på prøve, ein dag i himmelen, ein i helvete. I himmelen verkar det godt å vere, men i helvete møtte han sine gamle buddies i klubbhuset og tykte betre om det.

– Han vart send ned i heis og møtte eit sant helvete som var ein stad i full opprotning. Der han først hadde møtt sine buddies, og fekk beskjed: I går var det valkamp, no har du stemt.

– Du kjende Miles Davis, kva tykte du om han?

– Han var ein interessant gjeng av folk og ein stor musikar.

– Har du sett filmen «Miles Ahead»?

– Ja, ein forferdeleg film laga utan respekt for musikken Miles Davis gav verda. Som om han var Doktor Mabuse frå filmen av Fritz Lang.

Mer fra: Nye takter