Kultur

Qvenilds personlege piano

Kongsberg-pianist Morten Qvenild nyttar jazzfestivalen til å detronisere flygelet.

KONGSBERG (Dagsavisen): I dag laurdag har han konsert med eit soloprosjekt han kallar «HyPer(sonal)piano» og som han for første gong framfører i fullt format. Plata «Personal Piano» er alt innspelt, men kjem førebels berre på vinyl.  Pianospelet  hans er kjent for mage  etter at han vore med på femti plateutgjevingar med ulike band og prosjekt som In The Country, National Bank og Susanna and the Magical Orchestra. Utgangspunktet er eit stipendiat ved Norge Musikkhøgskule der Qvenild har forska fram eit nytt lydbilde.

Det som ligg ute på nettsida til festivalen er kraftige saker, der Qvenild auser av eit musikalsk horn med eit sterkt og utfordrande uttrykk  som skjerpar appetitten.

Ditt flygel

– Kva er det du vil?

– Eg har vore tiltrekt av å spele solo, eg har alltid likt å samspele, men det handlar om å lage eit samspel mellom delane i instrumentet. Morton Feldman har sagt at «for the art to succeed, the art must fail». Det er krefter i det teknologiske som det gjeld å sleppe fram, og setje seg sjølv til sides.

– Du har då drive med mykje rart med flyglet omkransa av duppedittar og di eiga stemme?

– Ja, men eg meiner det må ei haldningsendring til. Ein må gje seg teknologien i vald, ikkje kontrollere han. All musikken i dette prosjektet er laga på eitt flygel.

– Har du aldri gjort noko liknande før?

– Det næraste eg har vore var i Kongsberg Kirke i 2010, men der  må du alltid tilpasse deg rommet. Eg har lyst å setje høgtalarar inn i flygelet, men må byrje i det små. Med Susanna i det magiske orkesteret fekk eg tilbakemeldingar, men kjende sjølv at eg var bandets «high fidelity». Eg vil heller dekonstruere flygelet.

Jarrett

– Keith Jarrett seier at flygelet er det ultimate instrumentet å uttrykke kjensler musikalsk på. Kva seier du til det?

– At det er hans måte å uttrykke det på, med sitt enorme arsenal å ause av. Sjølv har eg stor sans for Kraftverk.

– Dette er eit prosjekt som har betydd mykje for deg?

– Det har vore eit privilegium å få gjere eit slikt piratprosjekt. Eg har vore ein som har spelt mykje med mange, men som aldri fekk tid til meg sjølv. No har eg spelt mitt personlege piano.

Mer fra Dagsavisen