Nye takter

Potter den store

«Imaginary Cities» er ein kanondebut i stort format for Chris Potter Undeground Orchestra.

CD
Chris Potter Underground Orchestra
«Imaginary Cities»
ECM (Musikk­operatørene)

Namnet skjemmer ingen, tittelmusikken er ein suite i fire namngitte delar som kjem etter opningsnummeret «Lament», og det står sjølvsagt i stil når Potter toppar den musikalske kransekaka med ein strålande strykekvartett. Med Mark Feldman, Joyce Hammann, Lois Martin og David Eggar i orkesteret, der Potters Underground Quartet med   Adam Rogers (gitar), Craig Taborn (piano) og Nate Smith (trommer), er forsterka med Fima Ephron (gitar), Scott Colley (trommer) og vibrafonist Steve Nelson frå tida Potter spelte i bandet til Dave Holland.

Mykje namedropping, men for eit orkester å boltre seg i for Potter som sidan nittitalet har vore ein amerikansk fornyar av jazzen. Med eit elleve mann stort band er albumet «Imaginary Cities» ein fest å høyre på.

###

Marius Nesets album «Pinball» (ACT/Musikkoperatørene) kom perfekt tima til Spellemannprisen, der han vann jazzklassen for «Lion» med Trondheim Jazzorkester. Med «Pinball» tek han opp tråden frå «Golden Explosion» og «Birds» (2013) med trommeslagaren Anton Enger, vibrafonist Jim Hart, pianist Ivo Jeame, og svenske Petter Eldh på bass. Etter debuten «Suite for Seven Mountains» (2009) var det med «Golden Explosion» (2011) han gjorde braksuksess, med låtar som vart litt av ei sveineprøve for Trondheim Jazzorkester. På «Pinball» har han også gjestemusikantar på cello, fele, fløyte og tamburin, som ikkje legg ein dempar på musikken, men som heller får mangfaldet til å blomstre ekstra. Med eit nydeleg arrangement for blåsarane åleine til slutt, på «Hymn For The World.»    
roald@dagogtid.no

Mer fra Dagsavisen