Nye takter

Polsk opning

Plateselskapet ACT er 25 år, og den polske vokalisten og songskrivaren Natalia Mateo kvitterer med strålande album.

«De Profundis» (ACT/Musikkoperatørene) er namnet på albumet som følgjer den kritikarroste debuten «Heart of Darkness», og ho syng meir på morsmålet her enn på den første. Tekstane står også på engelsk på plateomslaget, og musikken har røter i ei blanding av folketonar og jazz og anna. Noko har dei skrive sjølve, og ein nydeleg og kjenslesterk polsk versjon av Dolly Partons «I will allways love you» er eit høgdepunkt.

«De Profundis» er latinsk for «ut av mørkret», og besetninga i bandet på sju er piano, gitar, saksofon, elbass og vanleg bass, og har vi fått med «Rosemarys Baby» på polsk? Det er eit stykke signert den polske jazzmusikaren Krzysztof Komeda. Som songar, komponist og bandleiar har Mateo ein nærleik til den slaviske tradisjonen, til Joni Micthell, til Maya Angelou og andre. Med fasettane av jazz, polsk og folkemusikk går ho inn i ein eigen songar og musikkskrivar-tradisjon. Det er stor breidde over dei ti songane, og med eit ensemble av glitrande musikarar, gjer vokalisten Natalia Mateo «De Profundos» til ei oppleving av dei sjeldne denne våren.

Pavlovics refleks

Så sant som det er sagt, med sitt sterke album «Refleks» (Øra Fonogram/Musikkoperatørene) har Jovan Pavlovic gjort sitt første album, med musikk innspelt i 2016. I trioen spelar Gjermund Silset bass og Helge Andreas Norbakken trommer, attåt MiN-ensemblet med sine ni musikarar i norsk toppklasse. Den glimrande trekkspelaren Pavlovic frå Serbia flytta til Norge i 1994, og har høg status i norsk musikkliv. Gjermund Silset har eit internasjonalt namn, så også Helge Norbakken. Mellom musikarane i MiNensemblet er saksofonist André Roligheten, og det er russisk-inspirert jazz i særklasse.

I ånda til jazzen

Med «The Jubilee Album» (ACT/Musikkoperatørene) markerer plateselskapet ACT skipa av Siggi Loch «tjuefem magiske år», med eit album på tretten låtar frå nokre av utgjevingane. Jubileet vil bli feira med ein storslått konsert i Berlin.

Mer fra Dagsavisen