Nye takter

På jazzen nær

Bebop eller ikkje bebop, det svingar lett med kvintetten til Joe Magnarelli.

«Near and how» (AMP/Musikkoperatørene) heiter albumet der vispane og trompeten er instrumenta som stikk seg ut i det snøgge opningssporet. Kvartetten starta i Italia, trompetisten Joe Magnarelli bur i USA, dit han kom i 1987 og starta ein internasjonal karriere. Første plate som leiar var i 1994 på Criss Cross, selskapet som har vore startpunktet for mange amerikanske musikarar på veg opp. Bruno Montrone spelar piano og bur i Bari, Italia. Bassist Paolo Benedetti bur i New York, og Adam Pache, som spelar trommer vart fødd i Australia og bur i Rom.

Utanom frontfiguren og trompetisten Magnarellis tre eigne låtar på plata, er resten kjende songar signert Bill Evans, Gigi Gryce, Frank Foster, Harold Arlen og Johnny Mercer. Magnarelli opnar med sin eigen «Mag Pie». Han har i ei årrekkje spelt med store namn, og frontar dette bandet på ein respektabel måte.

New York-godbitar

«New York Improvisations» (Dugnad Recordings Musics/Jerve) er eit strålande album, etter at pianisten Kjetil Jerve drog over dammen for å spele inn plate med saksofonisten Jimmy Halperin. Dei spela saman i Molde i fjor i bandet til Kristoffer Eikrem. På bass spelar Drew Gress, som må vere ein av dei mest etterspurde i heimlandet. Halperin er frå Lennie Tristano-skulen, der han også møtte saksofonisten Warne Marsh. Jerve og trompetisten Kristoffer Eikrem gav i 2014 ut plata «Feeling Emotion», og kartet er fullstendig når vi gir oss musikken i vald med denne norsk-amerikanske trioen. Der Jerve også spelar i bandet Baker Hansen, som syng og spelar Chet Baker-standards på nynorsk!

Large Unit-samling

«Large Unit – Selected Tracks 2013» (PNL Records/Musikkoperatørene) heiter samleplata med låtar henta frå dei første fem åra til Paal Nilssen-Loves store band. Som stadig er på farten og i vår skal gje konsertar i med workshops Addis Abeba!

Mer fra Dagsavisen