Nye takter

Nypans jazz

Gitarist Øyvind Nypan har mange jarn i elden. Eitt er albumet «Stereotomic», som vart til på rekordtid.

Hans første band som leiar var «Elements», då pianist Bernt Moen studerte ved den same høgskulen i Agder. Deira vegar skulle krysse ved fleire høve, som ein gong i fjor med svenske Egil Kalman på bass og Ole Mofjell på trommer. «Stereotomic» (Losen/Musikklosen) er resultat av ein live session etter ein dags øving, innspela ved Agders universitet. Og det tar av frå første låt med Nypans gitar på «Heavy Hangs The Dead», etterfølgt av Don’t «Mind If I Do».

Med kunstnarnamnet Nypan gav sjefen i 2013 ut albumet «Republique» på same selskap, men andre musikarar. Petter Wettre var med på «Elements», Bernt Moen var i 2012 med på å gje ut trioalbumet «Jazz! Øh» (Norcd), som var spelt inn allereie i studietida i 2000, og som gjorde stor lukke.

Slik er ein del bakteppet for eit album der både Nypan og Moen enno ein gong har funne sitt sanne eg, i eit drivande, melodisk og akustisk samspel i namnet til Nypan, fornamn Øyvind. Lyden av Nypans gitar er fyldig, rik og varm og pregar dette albumet.

Ein samisk arv

«Ánnásuolo» (Ponca Jazz/Musikkoperatørene) er ein knallsterk sterk solodebut frå songaren Marianne Pentha, som vaks opp med ein samisktalande far, og som har fått platetittelen frå ei vakker perle på Finnmarkskysten, på folkemunne kalla Kjerringholmen. På plata av same namn syng ho tekstar av Nils-Aslak Valkeapää, jazzgitaristen John-Kåre Hansen har skrive musikk til alle.

Legg til den sterke stemma til Marianne Pentha som med dette har oppfylt sitt ønskje om syngje på samisk. Med Erik Mjelde på keyboards, Jakop Jannssønn på trommer og Svein Schultz på bass er dette ei av vårens finaste utgjevingar.

Landa i Brooklyn

«Landed in Brooklyn» (ACT/Musikkoperatørene) er vårsleppet frå Julian & Roman Wasserfuhr på trompet og piano, og Donny McCaslin saksofon. Med Tim Lefebre på både elektrisk og akustisk bass og Nate Wood på trommer, innspelt på Systems Two i Brooklyn!

Mer fra Dagsavisen