Nye takter

Musikkens eventyrland

Jazzpianist Andreas Loven tok musikken med til Sør-Afrika og debuterer med strålande album.

Andreas Loven

"Nangijala"

Losen Records (Musikklosen)

 

Tor Jaran Apold & Jonas Berg

"Nomos"

Gateway Music (DC Norden)

 

Sam Rivers, Dave Holland, Barry Altschul

"Reunion: Live In New York"

PI Recordings (Musikklosen)

 

«Nangijala» er albumet pianist Loven har spelt inn med den sør­afrikanske saksofonisten Buddy Wells, med Spha Mdlaloses vakre vokal på to spor. «Nangijala» er eit eventyrland som ein kjem til i Astrids Lindgrens bok om Brødrene Løvehjerte, og i andre samanhengar, og titlane strekkjer seg frå små troll i nord til «Ekhaya», som er zulu for heime i sør. Mdlalose syng med også på «Medvind», og på kjenningen «Flåklypa» som er den einaste på plata Loven ikkje har skrive sjølv, leverer Buddy Wells sitt vakraste saksofonspel. Det var ein gong Loven høyrde pianist Tord Gustavsen live at han sjølv vigde sitt liv til musikken. I 2007 reiste han med ektefelle til Sør-Afrika, han bur i Cape Town der han utforskar afrikansk musikk og er aktiv på den nasjonale jazzscena. Om han har noko tilhøve til Abdullah Ibrahim, er det noko i spelet, og ein song som «Brudemarsj» som har ei reim av meisteren i seg, i eit toneval som får musikken til å funkle.

Buddy Wells har ei 25 år lang merittliste med sørafrikanske musikarar. Formatet saksofon og piano høyrde vi sist med Morten Halle og Carlo Morena, i Albatrosh med André Roligheten og Eyolf Dale, no på «Nangijala», krydra med to vokale innslag. På ei gledeleg overrasking av eit album som opnar jazzåret.

 

Overmåte vakker

«Overmaade fuld af Naade» er salmeskalden Brorsons tekst til ein norsk folketone frå Oppdal. Det er også opningssongen på plata «Nomos», som på tampen av året kom i posten innpakka i julepapir med sløyfe. Avsendar er den bergenske felespelaren Tor Jaran Apold og den svenske pianisten Jonas Berg som har gjort danske av seg, i eit musikalsk lukketreff som har resultert i noko av det finaste på plate denne vinteren. Berg og Apold står for det meste av musikken, og folketonen til salmen «Å at jeg kunne min Jesus prise» som Lars Oftedal skreiv den norske teksten til, er like vedunderleg vakker som opningssalmen. Som på si side er medverkande til at plata vart til, då han vart spelt så overmåte vakkert på den populære puben Bøker og Børst i Stavanger (etter ein Mozart-konsert), at ein publikummar gav beskjed om at spelte dei han inn på plate, ville han kjøpe henne.

Sant eller ikkje, så er det ikkje noko i vegen med den musikalske samforstand mellom to «klassiske» musikarar som kvar for seg har ei lang merittliste med musikarar i nær alle sjangrar. Her krydrar dei det i utgangspunktet sakrale uttrykket på «Nomos» improvisatorisk på fleire av stykka, avslutta med ein ekstra versjon av «Overmåte fullt av nåde». Det er nummer 279 i den norske salmeboka som nasjonen song seg gjennom før jul. Der ei av linene byrjar slik: «Gamle, unge, hver en tunge, syng med fryd mot himlens pol.»

 

Dobbel reunion

25. mai 2007 var det ein historisk reunion-konsert «Live In New York» med saksofonisten Sam Rivers (1923-2007), bassisten Dave Holland og trommeslagar Barry Altschul. Det var på ein vekelang Sam Rivers-festival i regi av ein radiostasjon, der trioen for fulle hus spelte to lange, samanhengande sett, med improvisert musikk frå start til mål, til eit dobbelt album. På syttitalet var trioen kjend for sine lange, fritt improviserte konsertar, men sjølv om trioen turnerte omfattande, er han frå før berre dokumentert på to Rivers-album, «The Quest» i 1976 og «Paragon» 1977. På Hollands første album som leiar i 1972 spela han med Sam Rivers og Anthony Braxton. På høgda av karrieren øvde Rivers-trioen timevis med sine eigne jamsessions, og på reuinionkonserten i 2007 står 84-åringen Sam Rivers løpet ut med glans. Reunion-albumet vart lansert i samband med at Sam Rivers døydde i desember i 2011, ein musikar som heldt koken i fleire tiår enn dei fleste. Han var også ein storbandleiar av rang og spelte på norske festivalar, og han framhevar trioformatet som den fremste måten å utvikle sitt prosjekt på. «Reunion: Live i New York» er eit verkeleg forrykande album med Rivers både på tenor og sopransaksofon, fløyte og piano.

 

Lundgren seg sjølv

Jan Lundgren (48) vart fødd to år før Jan Johansson døydde, og var som ung pianist ein av dei som mest tydeleg tok opp arven etter meisteren på sin måte. Aktiv frå 1991 vann han Orkesterjournalens pris i 1997 med «Swedish Standards», og åleine ved pianoet på «All My Myself» (Fresh Sound/MuasikkLosen) har han gitt ut rundt 40 album i eige namn. Av dei er femten på dette merket, der han på det siste leverer solo så det held frå «Will You Still Be Mine» gjennom songboka til «Round Midnight». Eit stilig hefte følgjer med, om Sveriges leiande pianist i tradisjonen etter Johansson og Bengt Hallberg. Enjoy!

 

Teorien om det einaste

I desember i fjor gav Jazzland Recordings og Flamme Forlag ut albumet «Theory of The Singular/Teori om det eneste» der Bragepris-nominerte Nils Cristian Moe-Repstad les tekstar til musikk framført av Nils Petter Molvær (trompet), Eivind Aarset (gitar), Jan Bang og Erik Honoré (sampling), innspelt live på Parkteatret i Oslo i september i fjor. Musikken, opplesinga og tekstane er no å få i eit avgrensa opplag av ein luksuspakke, der tekstane Moe-Repstad les opp live til musikken, er omsett til engelsk i eitt hefte, i tillegg til den komplette diktsamlinga han vart Bragepris-nominert for i fjor, omsett til engelsk, i eit anna bokvedlegg. Moe-Repstad har samarbeida med Bang og Honoré og andre rundt Punkt-festivalen i Kristiansand, og skriv på heimesida til Flamme Forlag at han alltid har ønskt å oppleve musikken og lyrikken gå opp i ein høgare einskap. På plata er tekstane stutte attåt musikken på dei ti spora, der Nils Petter Molvær slår an tonen på «De biologiske undergangene». Kva suksess omsetjinga til engelsk i ein luksuspakke vil medføre, står att å sjå, men boksen vil vere å få på butikkar som Tronsmo og andre stader.

Mer fra: Nye takter