Kultur

Musikken som oppleving

Fem år etter at Kristin Skaare med «Var» gav ut det vakraste albumet det året, er møtet med «Er» ei like sterk oppleving.

Kristin Skaare
«Er»
Kirkelig Kultur-verksted (Musikk- operatørene)

Astro Sonic
«Come Closer And I'll Tell You»
Hubro (Musikk-operatørene)

Trespass Trio + Joe McPhee
«Human Encore»
Cleen Feed (MusikkLosen)

Det var med Lina Sandells vakre salme «Jag kan icke rekna dom alla» ho opna eit album som var ei blanding av både religiøse og «verdslege» songar. På det nye albumet er det mest hennar eigne songar, men med «Barndomsminne frå Nordland» som utgangspunkt for «Komme hjem», som ho spelar solo på piano. Det gjer ho også på «Til ungdommen», som etter 22.7. det året vart ein ny nasjonalsong. Resten er hennar eigne songar, nokre med små innslag annanstad frå, skrivne av ein musikar og komponist som då ho studerte ved Institutt for Musikkvitenskap, var den første kvinnelege jazzstudenten i Norge. På albumet har pianisten og trekkspelaren med seg Karl Rønnekleiv på fiolin, Ole Henrik Moe på bratsj og Erland Dahlen på trommer, og ho har sjølv skrive små kommentarar til musikken på omslaget. Også om «Komme hjem» og «Til ungdommen» som vart spelt inn rett etter 22. juli-terroren. Resten vart spelt inn i fjor, og i «Yr» dukkar «Ich bin von Kopf bis Fuss auf Liebe eingestelt» opp på vegen, og vel inne i «Vår Flues Kirke» vil mange kjenne att salmen «Ingen vinner frem til den evige ro», i ein alt anna enn roleg kontekst.

Slik tek musikaren og komponisten som har medverka på over åtti album, og som har ein mangslungen karriere over tjue år også som arrangør, skodespelar og anna, oss med på ei reise som tonar ut i den vakre «Vår». Og vi treng ikkje utvide sjangeromgrepet for å innlemme ein musikar som er like heime i jazz og improvisert musikk som i den store songboka elles, som då ho på «Amoramora» platedebuterte med songar av Inger Hagerup. For uansett sjanger - i kunsten å skape sterke og vakre musikkopplevingar - er Kristin Skaare i ein klasse for seg.

Analog karma

Albumet er spelt inn analogt på tre dagar, og bandet Astro Sonic feirar det naturleg nok med å kalle ein av låtane «Analogue Karma». Etter leksikonet er karma eit omgrep i indisk filosofi, men før vi kjem så langt, møt den rocka synth-trioen Astro Sonic som med «Come Closer And I’ll Tell You» endeleg debuterer på plate, etter å ha samarbeidd i lang tid, men først i 2008 kalla seg eit band med det soniske namnet. Det er Erlend Slettevoll frå The Core og tallause andre grupper som lar synthane tale til Rune Nergaards bass og Gard Nilssens trommer, alle utrusta med elektronika av ymse slag. Nilsen og Nergaard har begge ti år bak seg i det dei kallar powertrioen Bushman’s Revenge, men her lar bandet også dei lyriske årane flyte utan hemntankar, når Slettevolls lyse synth-tone svevar over djupner der Nilssen og Nergaard ofte rår. Den lengste tittelen er «The Shell Falls Rapidly And Splashes Into The Sea», og det lyder som eit truverdig bilete av det som hender akkurat då, på dette forvitnelege albumet der tre vise menn har sett kvarandre stemne i Svenska Grammofon Studio, og det er karma-tid!

Trespass McPhee

Det er den norsk-svenske trioen Trespass vi møter i samspel med den amerikanske saksofonisten, trompetisten, norgesvenen og politiske aktivisten Joe McPhee, på det sterke albumet «Human Encore». Det er innspelt i Brasil i fjor og er endå eitt i straumen av spennande album i den stadig veksande katalogen til Cleen Feed. Ein hund bjeffar under ein trompetsolo, tittellåten «Human Encore» var den siste låten bandet spelte i Coimbra under ein tre dagars residens i jazzbaren Salao Brasil, står det, og det lyder som eit amerikansk svar på klubben Herr Nilsen på sitt beste. Jazz og politikk er inga ukjend blanding når Trespass med Martin Küchen (saksofon), Raymond Strid (trommer) og Per Zanussi (bass) set kvarandre stemne, og aller minst når dei møter det Küchen kallar sin mentor, ein veteran i Black Conciousness-rørsla som debuterte med albumet «Nation Time» i 1971, med Albert Ayler som eitt av mange førebilete. Coveret på «Human Encore» talar sitt tydelege språk i desse gasskrigstider. Med eit akustisk jazzband med det fortetta og intense uttrykket som er denne «svarte» jazztradisjonens varemerke.

Det glør 
med «Glow»

Dei slår ikkje på stortrommene nokon av dei to, i bandet Glow, som med albumet av same namn «Glow» (Playdate/Fhonophile), faktisk debuterer på plate. Vi snakkar då om pianisten Øystein Skar frå Vinstra, som er keyboardmann mellom anna i Highasakike saman med Marte Maaland Eberson, og trommeslagaren Øyvind Hegg-Lund som pressemeldinga fortel er fødd og oppvaksen i Lærdal, og som har bakgrunn i alt frå rock, pop, jazz og impro. Altså kjem det stadig nye spennande musikarar frå bygdene, i dette tilfelle to som på prisverdige fem spor lar det klinge rytmisk i starten på «Blur A Light», og som på «Polyester» i utgangspunkt går meir handfast til verks. «Suite for drums and piano» er det lengste og mest luftige sporet, med tungt piano innimellom som avveksling. «Beats and pleassures» gjer sitt beste for å halde det tittelen lovar. Dermed er det duka for sluttsporet «A tribute to glow» på eit album som vi berre kan ønskje musikarane til lukke med.

Meir Opus 5

I fjor heitte det «Introducing Opus 5», i år er tittelen «Pentasonic» (Criss Cross/MusikkLosen). Det er det andre albumet til bandet med Seamus Blake (tenorsaksofon), Alex Sipiagin (trompet), David Kikoski (piano), Boris Kozlov (bass) og Donald Edvards (trommer). Eit knippe sterke namn frå Criss Cross-stallen som leverer varene.

Mer fra Dagsavisen