Nye takter

Musikken gjennom Andersen

– Eg vil at bassen min skal syngje, seier Arild Andersen, solist med storband på Kongsberg, nyutgjvar av Noregs beste jazzalbum «Masqualero».

KONGSBERG (Dagsavisen): Til konserten med Ensemblet Denada torsdag kom syttiårsjubilanten med nyskriven musikk og andre eigne låtar, direkte frå ein knappe ti dagars tur frå vest til aust i USA med trioen sin, med start på Rochester Jazzfestival i staten New York, via Edmonton, Alberta og Vancouver til jazzklubben Le Poisson Rouge i Greenwich Village, New York.

– Det er slitsamt å reise, men eg likar å spele. Eg har alltid med min eigen bass, for eg får ikkje den rette lyden i lånte bassar. Eg har i grunnen aldri spelt i storband, berre vore solist i Scottish National Jazz Orchestra. Det resulterte i albumet «Celebration» i 2011. Der hadde bandet også sin eigen bassist, som i Denada er Per Mathisen.

– Som leiar av Masqualero som kom i 1983, har du nett gitt plata på ny, på cd, vinyl og full pakke. Mange av oss meiner det framleis er det beste norske jazzbandet nokosinne. Kommentar?

– Det var rett band til rett tid. Dei tiåra vi spelte var veldig viktige år for meg.

Det var det norske jazzplateplateselskapet Odin som gav ut Masqualero i 1983. Det offisielle namnet var Arild Andersen Quintet, med Andersen på bass, Jon Christensen trommer, Jon Balke piano, unge Nils Petter Molvær på trompet og like unge Tore Brunborg på saksofon. «Band a Parte» kom i 1986, «Aero» i 1988, «Re-Enter» 1989. Det var små endringar i bandet, ei plate var med Frode Alnæs på gitar, men dei siste åra var bandet ein kvartett med Molvær, Brunborg, Andersen og Christensen.

– På ein Englands-turne spelte vi 18 konsertar på 18 dagar, men opplevde i utlandet at bandet var tyngre å selje, på grunn av namnet Masqualero, som er namnet på ein kjend låt av Wayne Shorter. Utanfor den indre krinsen av jazzinteresserte var det vanskeleg å formidle kven og kva publikum skulle få høyre. Det var ingen Face Book på den tida.

– Då eg intervjua dykk i høve tiårsjubileet på Cosmopolite i 1992, la de vekt på det sterke samhaldet.

– Masqualero var første prioritet for alle fem, seinare fire når vi la planar. Alle i bandet spelte også med andre, men kolliderte det med Masqualero var bandet vårt viktigast, og alle skreiv musikk for det. Molvær var alt i gang med sine elektroniske eksperiment, eg starta bandet Sagn.

– Du brukte ein gong uttrykket «organisk» om musikken?

– Det er det vi i dag kallar «interplay», som i eit band er å lytte før du spelar. Det typiske med musikk er at han blir skapt totalt mens du spelar han. Du legg på lag etter lag med noko som bidrar til ein meiningsfull heilskap. Å ikkje å stikke seg ut, men å vere i musikken.

Andersen skildrar korleis han første gong fekk den kjensla då han høyrde ein kassett med eit Miles-opptak frå Juan-Le-Pins i 1969.

– Det handlar om at musikken er på reise, og at han utviklar stadig nye innfall.

– Med det tette programmet du har i dag, tenkjer du nokon gong at dette orkar eg ikkje lenger?

– Står du på scena tenkjer du aldri på det, seier Arild Andersen.

Han har gitt ut over tjue plater på ECM, til saman tippar han 70–80.

– Kven er favorittane dine på bass?

– Gary Peacock, Richard Davis, Ron Carter, Miroslav Vituos og Jaco Pastorius, seier Andersen.

– Mange byrja å spele elbass då dei høyrde Pastorious. Eg slutta. Det var ikkje meir å tilføye tenkte eg. Eg ville heller overføre inspirasjonen til ein kontrabass. Lyden er det du kjenner att musikken på. Eg vil at bassen min ikkje berre skal seie bom, men boooooooooooom!!

Mer fra Dagsavisen