Nye takter

Musikk i store svingar

Med albumet «Meander» sender bassist Mats Eilertsen og gitarist og komponist Jo David Meyer Lysne ut eit debutalbum det strålar av.

Jo David Meyer & Mats Eilertsen

«Meander»

Øra Fonogram/Musikkoperatørene

Det er eit svært personleg album seier dei, og det er lett å skrive under på. Mats Eilertsen er vi alle kjende med. Jo David Meyer Lysne har også eit musikarnamn. Saman sender dei ut sterke meldingar frå fleire strengespel.

Frå Eilertsen sin tunge bass og Lysnes’ vekslande strengebruk og andre effektar, skaper dei eit stort klangbilde der også ein Bill Frisell hadde kjent seg heime.

No og då tykkjer eg ein låt minner om Beatles, og der kjem ein «Blackbird» i mine øyre.

På plata er det låtar som «Sluten», «Steinkast», «Åpning», «Pil», «Svømmer Over», «Digg Dyne», med fleire, men kven er denne «Meander» dei har døypt henne etter?

Det er eit ord folk brukar om ei elv som renn i store svingar i eit elles flatt landskap. Det opnar verkeleg for mange måtar å utvikle samspelet mellom bass og gitar på. Elva finn sine elvefar.

Overfør det til musikken på «Meander». Det er eit album med sterke kvalitetar. I skrivet står at det meste er skrive av Lysne, inspirert av landskapet rundt Sluten på Filefjell.

Der bygde bestefar hytte, med materiale frakta med løypestreng over elva. Ein verkeleg handyman er unge Lysne som leitar etter nye klangar og skaper univers.

Sterkt og melodisk lyder dei heile vegen mellom to som hentar idear frå kvarandre. Eilertsen har over hundre plater bak seg.

Lysne tek han att med ei musikalsk drivkraft over eit stort register, like melodisk som brusande.

Plata har elleve songar, songar eg spelar om att og om att for å finne nye løp, frå ei plate som tek deg med på ei historie, eller mange. Det er duo-albumet til bandet Eilertsen og Lysne, med musikk som vil gje deg nye impulsar. «Meander» er namnet.

Med 11 elvefar på ein halv time.

Mer fra: Nye takter