Annonse
I flamingo-selskap med Krister Jonsson, Marilyn Mazur og Josefine Cronholm. FOTO: STEPHEN FREIHEIT

Mot nye høgder

Med eit lite band lagar Marilyn Mazur, Krister Jonsson og Josefine Cronholm stor musikk.

Annonse
Jazz

Marilyn Mazur, Josefine Cronholm, Krister Jonsson

«Flamingo Sky»

Stunt Records (MusikkLosen)

Parallax

«Den tredje dagen»

Norcd (Musikkoperatørene)

Opus 5

«Progression»

Criss Cross (MusikkLosen)

 

Songaren Josefine Cronholm og gitaristen Krister Jonsson har vore ein del av musikkverda til Mazur i mange år. Saman leverer dei med «Flamingo Sky» musikk så sterk, mangfaldig og vakker at det må vere noko av det beste eit Mazur-ensemble har levert. På plata utgjer det 16 element, sydd saman til ein heilskap som er utruleg vakker. Med Sofia Cronholm som vokalist og perkusjonist, Krister Jonsson som meister på gitar og Marilyn Mazur som kan meir enn å slå på hundre trommer. Si første gruppe Zirenes hadde ho atten år gamal. For resten av karrieren kan vi bokføre ikkje berre kanoner som Miles Davis, Jan Garbarek, Wayne Shorter og Gil Evans som medspelarar, men i norsk samanheng også samarbeid med Jon Balke, Kirsten Bråten Berg, ensemblet Denada, Ketil Bjørnstad med fleire.

Alle i flamingo-trioen har skrive musikk, Mazur og Cronholm også tekstar, opningssongen med tittelsporet er instrumental. Sidan handlar det om både sommarfuglar og andre fuglar, om kjærleik, eletelefoni (elefantar som ringjer) og anna, med Mazurs «Aftenlys» som den einaste med dansk tekst. Gjesten Klavs Hovmans tunge bass på to av songane er legio, perkusjonisten Mazur er eit eige kapittel, men også som «streit» trommeslagar slår ho dei fleste av banen. Slik rullar albumet lukkeleg av garde, no og då med fleirstemmige kor-bakgrunn som kan dra deg baklengs inn fuglekassa, som dei seier i Flåklypa. Fly, flamingo, fly!

 

Jazz og skapingssoge

«Den tredje dagen» (Norcd/ Musikkoperatørene) er også tredje plate til improvisasjonsbandet Parallax, som spelte inn den førre i eit gamalt kruthus i skogen, med alle dei lydar naturen og ein omn med brennande ved inne kunne by på. Det starta med «Live In The UK» i 2012, no gjeld det den vanskelege tredje runda, der første spor lyder litt som graving i verktykassa. Trompetisten Stian Omenås, gitaristen Are Lothe Kolbeinsen og trommeslagaren Ulrik Ibsen Thorud starta bandet, med å leggje dei store byane i verda inkludert Hongkong i Kina for sine føter. Til det nye albumet inviterte dei med seg vibrafonist Rob Waring som produsent, til innspeling i Ocean Sound Record i havgapet på Giske, og bandet gjennomfører tredje runde med stil.

«Jazzen er som havet», sa fiskeriminister Elisabeth Aspaker då ho opna årets Molde-festival. Men i skapingssoga (1. Mos 11-13) sa Gud på den tredje dagen at «jorda skal la grøne vekstar gro fram, plantar som set frø, tre som ber alle slag frukt med frø i, på jorda.» Slik vart det, «og Gud såg at det var godt. Og det vart kveld, og det vart morgon, tredje dagen».

Med det kan vi berre ønskje lukke til med den fjerde.

 

Opus-jazz

Opus 5 heiter det heilamerikanske bandet som med albumet «Progression» (Cris Cross/MusikkLosen) gir ut sitt tredje album, ein kvintett med musikarar i stallen til Criss Cross Jazz. Det er selskapet som med jamne mellomrom spelar inn musikk i den trygge amerikanske jazztradisjonen, med godt resultat. I Opus 5 spelar Alex Sipiagin trompet, Seamus Blake tenorsaksofon, David Kikoski piano, Boris Kozlov bass og Donald Edvards trommer. Soga seier at det var Sipiagin og Blake sin ide å starte eit band til spele nyskrivne låtar til, dei tre andre har fartstid i det stadig oppegåande Mingus Big Band, Seamus Blake er bokført som sidemann i eit tjuetals Criss Cross-band. «Intruducing Opus 5» kom først i 2011, «Pentasonic» året etter, og det siste opnar umiskjenneleg med Donald Edwards’ «Snow Childs». Om det ikkje akkurat er «the new thing» i jazzen, har album som «Progression» og band som Opus 5 som oppgåve å halde det beste i ein amerikansk tradisjon i hevd. Edwards, Kozlov, Blake og Sipiagin har signert sju framifrå arrangerte låtar, med balladen «Inner Balance» til roe seg ned med, i denne ikkje alltid like søte juletid.

 

 

I bandet etter Coleman

Ei ny ladning kjem frå jazzlabelen Clean Feed, og der er sanneleg André Roligheten og bandet Friends & Neighbours (Clean Feed/Musikklosen)! Albumet heiter «Hymn For A Hungry Nation», og av det bør vi kunne slutte at formålet må vere godt, sjølv om vi stussar over namn som «Bølehøgda» på den andre låten, ein stad vi aldri har høyrt om. Men som det står: Namnet på bandet seier alt, då «Friends and Neighbors» var namnet på Ornette Colemans album frå 1970. Men med ein dåm av både Albert Ayler og Atomic svevande over, kjenner vi oss trygge i samvær med trompetist Thomas Johansson, pianist Oscar Grönberg frå den strålande duoplata med Eldbjørg Raknes, bassist John Rune Strøm og Tollef Østvang på trommer. I CD-heftet skriv Joakim Kühn om si eiga røynsle då fridomen i uttrykksmåten, «the new thing» avløyste den tradisjonelle improvisasjonen over akkordar, noko som han høyrer att i dette bandet. Ein ny dagsorden har blitt daglegdags, også for den yngre generasjonen som får dette albumet til å skine.

 

Roleg trio på svenska

Alf Häggkvist Trio vart grunnlagt i 1991 og held framleis koken. Den nye plata «Fog» (Losen/MusikkLosen) startar friskt med ein bassolo av Filip Augustson på standardlåten «All The Things You Are/Alfs theme 1». Häggkvist er pianist, leiar og har skrive resten av låtane, med unnatak av «I Hear A Rhapsody», og det er det tredje albumet til trioen der Krister Häggkvist spelar trommer. Tittellåten «Fog» er ein fin ballade, Häggqvists Trio utmerker seg ikkje med store fakter, til «I Hear A Rhapsody» høyrer også eit «Alf’s theme 2», og med sine originale låtar fullfører trioen albumet med stil.

 

 

 

Annonse