Nye takter

Molekyljazz i serklasse

Albumet heiter «Louder Than You», og det opnar for det meste når bandet Molecules slår seg saman med Erlend Skomsvoll på makelaust album.

Molecules

«Louder than you»

Øra Fonogram/ Musikkoperatørene

Bandet «Molecules & Erlend Skomsvoll» er med komponist og vokalist Karoline Wallace i spissen. Ho har samarbeida med pianist Erlend Skomsvoll, og med fem musikarar attåt får du som hatten passar med opningslåten «Fall», og dei legg ut på ei spennande musikalsk reise som endar opp i «Half Across The Sea».

Wallace er ein vokalist som med den største sjølvfølgje kryssar grensene melodisk og stilistisk heile vegen, som komponist, arrangør og tekstforfattar. Like suverent som ein Erlend Skomsvoll, han også ein komponist og arrangør som vi har vorte fortrulege med.

Det var etter at bandet som då heitte Molecules vann tevlinga Jazz i Sikte i 2014, at dei byrja dukka opp på nye scener, samstundes som dei kvar for seg er vel etablerte musikarar som no har samarbeida i godt etablerte band!

I desse dagar platedebuterer dei på «Louder Than You», som er ein klar beskjed om at når det gjeld det musikalske, har mange opplevingar i mente.

Med dette har dei slept eit første album med tolv songar som er like makelause som opne i alle stilretningar, der Wallace viser sitt format i grenselause sterke møte i mange konstellasjonar, kvar med sine eigne sterke musikalske personlegdomar.

Følg Dagsavisen på Facebook og Twitter!

I bandet Molecules spelar Tancred Heyerdahl Husø trompet, Jonas Flemsæter Hamre på saksofon, Mathias Marstrander på gitar, Petter Asbjørnsen på bass, og Øyvind Skarbø på trommer. Det er musikarar som frå «Fall» til «Half Away Across The Sea» spelar musikk som er frodig, med låtar over eit stort register og som gjer plata til ein fest.

«Louder Than You» er så langt årets mest spennande album uansett.

Mer fra Dagsavisen