Helg

Mingus Ah Um femti år etter!

Charles Mingus i Universitetets Aula i 1964 var Charles Mingus på sitt beste.

Det var 12. april, året var 1964, eg var der, og spenninga var til ta og kjenne på då meisteren og hans kanskje beste band entra podiet til dåtidas jazzscene, den marmorkledde ærverdig aulaen til Edvard Munch. Jaki Byard sette seg ved flygelet til venstre, Clifford Jordan, Charles Mingus, Dannie Richmond, Eric Dolphy og Johnny Coles sessa seg i ein tett halvsirkel, og det første Mingus seier er «low stools»! Sjølv står han, og det er noko med beina på krakkane der musikarane sit som på vagl. Mingus prøver å få bassfoten til å feste på Aulaens steinharde golv, og nett som han skal opne, sklir bassen unna.

Om ikkje ord for ord, så hugsar eg scena som var det i går, og det er skildra i Gene Santoros Mingus-biografi «Myself When I Am Real». Vår mann er i godt humør, og etter å ha kunngjort at «you have slippery floors here» og at «I could sue for that» (i tilfelle skade), spelar han bass-introen til «So Long Eric», før trompetisten Coles fyrer av sin første solo, og vi er i gang. Det er 12. april 1964, på dagen tre år etter at Juri Gagarin erobra verdsrommet.

Brorskapen

Dagen etter skriv Arne Nordheim i Dagbladet, under tittelen «Jazz i marmor»: «Jazzen er et eget broderskap, sier Igor Stravinsky, en helt egen måte å lage musikk på. Den som i første omgang tvilte på en slik påstand, skulle i går ha vært til stede i Universitetets Aula, hvor den store og originale Charlie Mingus møtte med sitt ensemble.» Og han avsluttar tidenes jazzmelding slik:

«Et forunderlig collagetape bølget forbi. Her fant vi avtegnet stillferdig klagende minaret-sang, jazz-klisjeer, op-akkorder, heslige melodistrofer, håndgripelige rytmer og ortodoks beat. Alt blandet sammen til en putrende assosiasjonssuppe, hvor ironi, hån, glede, vemod, vidd, raseri og opphisselse bare glimtvis skilte seg ut fra grunnsubstansen. For alt lå der. Hele tida - og samtidig.»

Det er ord eg er viss på at Mingus ville tykt om, ja jubla til. Ei betre skildring av opplevinga av det kollektive i musikken, som var Mingus sitt varemerke, skal ein leite etter. Etter Johnny Coles stod dei fram på rad, den mektige, breiale pianisten Jaki Byard med sitt enorme klangunivers, den stoiske Eric Dolphy som trakterte både saksofon, bassklarinett og fløyte, den majestetiske Clifford Jordan med mørke briller på saksofon, og Dannie Richmond, trommeslagaren som følgde Mingus livet ut, på scena alltid i blikkontakt med sjefen, dei to som skapte drivet i musikken der kvar solo vart kommentert av dei andre med innlagde riff.

Dolphys Trane

I fjor var det femtiårsjubileum for den einaste norgeskonserten til Coltrane, som det aldri vart gjort opptak av. Ei skakande oppleving for ein jypling som meg, som forstod at ingenting ville bli som før. Mingus-konserten som alle kan sjå og høyre på nett, fylte meg med ein indre jubel, der neste nummer var klassikaren «Orange Was The Colour of Her Dress, Then Blue Silk». Berre tittelen! Etterpå hende det som har fått namnet «Parkeriana», annonsert som ein tributt til Charlie Parker, med «I Got Rhythm» som inngang til ei rad musikalske referansar. Etter under tre minutt skar det seg, sjefen vinka over og ut til bandet, og telte opp til ein versjon av Ellingtons «Take The A Trane» som det lukta svidd av. Med sjefen sjølv trampande takta mot ei avslutning som fekk Aulaen i kok, og der Eric Dolphy hadde sitt livs solo på bassklarinett.

Dette unge ikonet i jazzen døydde 29. juni same år i Berlin, berre 36 år gamal. Han kollapsa på scena og anda ut på sjukehuset med uoppdaga diabetes. At han tidlegare på året ved ein lagnadens ironi alt hadde fått ein Mingus-låt oppkalla etter seg med tittelen «So Long Eric», var Mingus’ takk og farvel, etter at Dolphy før dei drog til Europa og Oslo, hadde varsla at han ville bli att og freiste lukka på eit nytt kontinent.

Ut bakdøra

I Oslo braka applausen laus, og mens kamera sveipar over forsamlinga prøver eg å få augo på meg sjølv på videoen. Men vi er midt på sekstitalet med dåtidas «outfit» og kleskode der alle ser prikk like ut og er mest umogleg å kjenne frå kvarandre. Men ein blid Charles Mingus, sjølv iførd dresskoden med kvit skjorte og slips, pakkar saman og vinkar til publikum mens han dreg på seg jakka og går ut ei bakdør.

Han som ein gong skreiv låten «All The Things You Could Be If Sigmund Freud‘s Wife Was Your Mother». Forklaringa til det står å lese i Charles Mingus’ makelause sjølvbiografi frå 1971, «Beneath The Underdog». Men det er ei anna soge.

Sue Mingus

Konserten i Oslo var del av ein turne som starta i Amsterdam 10. april og vart avslutta i Stuttgart 28. april 1964. 13. april drog bandet til Stockholm for å spele i Konserthuset, og på YouTube finst opptak frå øvinga av «So Long Eric» og ein ny komposisjon, «Meditations On Integration», som også er på eit konsertopptak frå Belgia 19. april. Eit nesten klassisk, vakkert stykke kammerjazz seinare framført i USA, også i legendariske Town Hall i New York. Der heldt Mingus i 1962 ein skandaleombrust konsert, med musikk som først etter Mingus’ død i 1989, kom til sin fulle rett då eit stort band under leiing av Günther Schüller framførde verket «Epitah», produsert av meisterens kjærleik og ektefelle Sue Graham Mingus. I 2002 skreiv ho den gripande og vakre boka «Tonight At Noon: A Love Story». Mens kortversjonen om Mingus sjølv står til slutt i sjølvbiografien “Beneath The Underdog - His World As Composed By Mingus»:

«Om forfattaren: På same tid ein viktig komponist i soga om jazz og ein ekstraordinær bassist, Charles Mingus, vart fødd 22. april i Nogales, Arizona, og voks opp i Watts nær Los Angeles. Han gjorde sin platedebut med Lionel Hampton i 1947 og spelte på tallause plater med Louis Armstrong, Charlie Parker, Stan Getz, Duke Ellington, Bud Powell, Art Tatum og mange andre. Hans fortenester inkluderer eit Guggenheim Fellowship, ein æresdoktorgrad frå Brandeis University, og eit professorat ved State University of New York i Buffalo. Charles Mingus døydde i 1979, 56 år gamal.»

Allmusikaren

Etter hans eige ønskje strødde Sue Mingus oska hans over Ganges. Etter mannen som vart fødd med ein tidlegare slave til far, som byrja sitt studium hos førstebassisten i New York-filharmonien, som Günther Schüller, kjend for «Third Stream»-rørsla der jazz møtte klassisk musikk, kalla den viktigaste komponisten i USA, jazz eller ikkje jazz. Musikk med røter i gospel, Third Stream, bebop, blues, fri jazz og klassisk musikk, og hans sterke engasjement som fridomskjempar også i musikken, er legio.

Då han og Max Roach i 1952 starta sitt eige platemerke Debut Records, var den første plata eit legendarisk opptak frå Massey Hall i Toronto med Dizzie Gillespie, Charlie Parker, Bud Powell, Max Roach og han sjølv. «Mingus Ah Um» var ei av dei fire store platene i 1959, med Miles Davis‘ «Kind of Blue», Ornette Colemans «The Shape Of Jazz To Come» og Dave Brubecks «Time Out» med taktskiftet i «Take Five». I 1962 kjem fantastiske «Money Jungle» med Mingus, Roach og Duke Ellington, meisteren som Mingus sette høgst av alle, og som han skreiv «Duke Ellingtons Song Of Love» til.

Langs denne ruta var det Charles Mingus og bandet hans i 1964 sette sine føter på marmorert norsk grunn i Oslo. No er dei alle døde. Den kraftfulle Jaki Byard fødd same år som Mings i 1922, døydde som eldstemann i 1999. Johnny Coles døydde 71 år gamla i 1997, Clifford Jordan (62) i 1993. Han spelte med norske jazzmusikarar på åttitalet, men mitt «Mingus-møte!» var eit intervju i Molde på tidleg åttital med fantastiske Dannie Richmond (1931-88), som spelte med Mingus i 21 år før meisteren døydde, og som no var musikalsk leiar for eit band med gamle Mingus-musikantar.

I USA lever musikken vidare med Mingus Big Band, som med Sue Mingus som direktør har måndagskonsertar på Jazz Standard i New York, og turnerer internasjonalt. Med ein enorm musikkskatt det berre er å ta tak i, for nye generasjonar.

Arven etter 
bassisten Mingus

Charles Mingus revolusjonerte også basspelet, seier Arild Andersen, leiar for «Mingus i Aulaen»-konserten.

Tysdag held Arild Andersen og eit nytt norsk «Mingus-band» konsert i Universitetets Aula.

Tysdag leier han sekstetten som spelar tre av dei lange stykka Mingus og sekstetten hans spelte 12. april 1964, fem andre låtar frå Mingus-katalogen, og Duke Ellingtons «Take The A-Trane», som avslutta konserten i 1964. Dei andre i bandet er saksofonistane Petter Wettre og Klaus Holm, trompetisten Mathias Eick, pianist Bugge Wesseltoft og trommeslagar Gard Nilssen.

- For meg har arbeidet med konserten vore ei musikalsk oppdagingsreise, seier Andersen.

Dei tre originale Mingus-låtane er «So Long Eric», «Orange was the Color Of Her Dress, Then Blue Silk» og «Parkeriana». Andersens sekstett spelar også «Haitian Fight Song», «Good Bye Pork Pie Hat» (skriven til minne om Lester Young), «Better Get Hit In Your Soul», «Fables Of Faubus», og «All The Things You Could Be If Sigmund Freud‘s Wife Was Your Mother».

- Du har sjølv spelt med musikarar frå det originale bandet?

- Trommeslagar Dannie Richmond spelte eg med på ein lang jamsession, saksofonisten Clifford Jordan var to gonger i Norge, og Espen Rud og eg var på ein fin turné med pianisten Jaki Byard. Jon Christensen og Svein Christiansen var trommeslagarar for Jordan, og særleg den siste var ein mann amerikanske musikarar sette høgt.

- Kva var det med bassisten Mingus?

- Eg var nitten år og hadde ikkje høyrt på Mingus i det heile før konserten i 1964. Til då hadde eg sjølv spelt mykje gitar og digga folk som Miles Davis, Bill Evans, Lester Young og Oscar Peterson, og eg var ikkje på Coltrane-konserten i 1963. Når det galdt bassistar, var det så mange andre førebilete, som Ron Carter, Gary Peacock, Scott LaFaro, Steve Swallow, Richard Davis, Charlie Haden, og den utrulege Miroslav Vitous som spelte med Chick Corea på «Now He Sings Now He Sobs». Frå 1972 til 1974 budde eg i USA, og høyrde mykje på musikarar som Mingus og Sam Rivers på Village Vanguard. Men eg var mest oppteken av komponisten og orkesterleiaren. Det er først når eg for alvor har gått inn i musikken eg har oppdaga kva for ein stor bassist han var.

- Var han ein stilskapar på instrumentet?

- Det var han i høg grad, og han hadde ein enorm teknikk der han for det meste brukte berre peikefingeren på høgre hand, og eg har ikkje høyrt nokon spele så snøgt med ein finger. Som solist er han i særklasse og han revolusjonerte basspelet som før var prega av bebop-stilen. Og han medverka til å bryte det hierarkiske skiljet mellom solistar, band og bandleiar, i musikken gjennom ei kollektiv form for improvisasjon. Den som kjem i nærast i den rolla i dag, er Dave Holland. Det er ei haldning til musikken eg sjølv ønskjer å leve opp til.

- Korleis er det å arbeide med musikken hans no?

- Det har vore ei kreativ morosam oppgåve som eg har arbeidd med i dagar og veker, ein musikar som har hatt som utgangspunkt å sleppe laus galskapen, fridomen og openheita i musikken. Det er ei kjerne i det som eg sjølv ønskjer å leve etter, og vi vonar å kome i nærleiken av den kjensla i bandet.

- Det er sjeldan å høyre musikken til Mingus spelt live på norske jazzscener. Atle Nymo gjorde det nyleg bra med eit band av unge norske musikarar. Kan vi håpe på ei Mingus-bølgje?

- Eg skulle ønskje det, men dei unge verkar mest opptekne av å spele sin eigen musikk.

Mer fra Dagsavisen