Nye takter

Med Vossajazz til sommartid

Mens klokka gjekk frå vinter til sommar, gjekk den 42. Vossa Jazz-festivalen i mål som ein av dei beste.

VOSS (Dagsavisen): Fredag fekk han etter den strålande opningstalen til Karl Ove Knausgård ein pangstart med Erlend Skomsvolls reise gjennom jazz og folkemusikk. Sidan gjekk han frå høgdepunkt til høgdepunkt gjennom Live Maria Roggens bestillingsverk, med ovasjonar til Thea Hjelmeland og eit sterkt program elles, i mål både musikalsk og økonomisk søndag med Nils Økland, Anneli Drecker med fleire. Dagen var lada med spenning då forfattaren Knausgård skildra jazzens utvikling og posisjon fram mot den kunstarten han er i dag. At det vellukka hopehavet mellom folkemusikk og jazz har prega festivalen på Voss meir enn dei andre, vart etterpå levandegjort på ein fantastisk måte då Erlend Skomsvoll løyste oppdraget han hadde fått av både Vossa Jazz og Riksscenen.

Med Wenche Losnegård vokal, Erlend Apneset på fele, Anders Røine gitar, Ole Morten Vågan bass, Birger Mistereggen slagverk og Hans Hulbækmo trommer og sag, gjorde han det med nokre musikalske konstellasjonar verda elles ikkje har høyrt maken til. In the Country og Frida Ånnevik, den utrulege svenske kvartetten Se och Hör, Ingebrigt Flatens invasjon med sitt amerikanske tordenband The Young Mothers, Mikko Inngangens finske band og Ellen Andrea Wang med mange fleire, sette ein standard før dagen for tingingsverket openberre seg.

Det skulle bli ei eksistensiell og utfordrande musikkoppleving som verkeleg heldt publikum i age, der Live Maria Roggen både songleg og tekstleg vandra gjennom det underlege, spennande verkets landskap med planeten jordas lagnad som leiemotiv. Det er kanskje det dristigaste tingingsverket så langt, dessutan historisk av ein annan grunn, då NRK for første gong i dei 34 tingingsverkas historie ikkje var på Voss for å sende/gjere opptak med det. Det kan festivalen sikkert overleve, men for NRK handlar det om eit samfunnsoppdrag, der fråveret ved nasjonens viktigaste tingingsverk i sjangeren jazz verkar som eit omen.

Oppdraget her blir å skumme toppane av ein festival der Thea Hjelmeland toppa festivalens andre dag med tidenes konsert, i Gamlekinoen som i mange auge framleis er stadens beste konsertscene. Ute var det ekstremjazz av tradisjonelt merke på taket av Kulturhuset. Finsk jazz prega festivalens utanlandske kvote med fleire gode band, duoen sPace monNkey med Gard Nilssen og Morten Qvenild tok oss ut i rommet, Fliflet/Hamre med Bergen Big Band er ein uslåeleg combo. Vi kan ikkje rekne dei alle, som det står i salmen, men vi kjem ikkje utanom Anisette som i ny utgåve av Savage Roses leverte varene.

Mer fra Dagsavisen