Nye takter

Lupinos song

Carla Bley skreiv songen til Ida Lupino, som no vert heidra av merittert kvartett frå USA og Europa.

Med albumet «Ida Lupino» (ECM/Musikkoperatørene) har ei engelsk-amerikansk legende innan film og teater fått ein ny minnestein, initiert av Giovanni Guidi på piano og Gianlucia Petrella på trombone, i dette høvet med amerikanske Gerald Cleaver på trommer og den franske Louis Sclavis på klarinett. Her er fire musikarar som går inn og ut av ei setting der åttiårsjubilanten Carla Bley gjennom «Ida Lupino» har gitt namn til heile albumet.

Ida Lupino (1918–95) var ein pioner som det meste av tida arbeidde i USA, som var med i 59 filmar, og som i mars 1964 vart heidra av Carla Bley. Første innspeling det året var med Paul Bley, John Gillmore, Paul Motian og Gary Peacock, og songen skulle bli eit slags varemerke, tolka av mange musikarar sidan, med Svein Finnerud som ein kjenning her på berget. Og han står seg godt, songen om Ida Lupin, gjennom dette vakre albumet, sett farge på av Petrellas trombone, Guidis piano, klarinetten til Sclavis, Cleavers trommer.

Med Eriksen i Jazzland

Då Torun Eriksen i 2003 debuterte med «Glittercard», skreiv eg at dette var framtidas jazzstemme. «Grand White Silk» (Jazzland/Musikkoperatørene) er hennar femte album, lansert med tidenes konsert på Nasjonal Jazzscene i Oslo sist laurdag. I det faste bandet spelar David Wallumrød på tangentar, denne laurdagskvelden vikarierte Jørn Øien, og sparte ikkje på konfekten. Dette er ei melding om at Torun Eriksen framleis er favorittstemma mi, i feltet jazz og soul. Så nær og medlevande, uredd for å vise kjensler, med ei stemme som er unik.

NORCD feirar 25 år

30 september og 1. oktober feirar plateselskapet NORCD 25-årsjubileum i kulturhuset Sentralen i Oslo. Jubileumsalbumet er alt klart. Duoen Karl Seglem og Terje Isungset gir ut «ISGLEM 5’TE» (NORCD/Musikkoperatørene).

Mer fra Dagsavisen