Nye takter

Lars Gullins gullalder

Studioinnspelingane frå perioden 1956-60 er eit ­høgdepunkt i karrieren til ein av verdas største ­barytonsaksofonistar.

Nær førti år etter han døydde, berre 48 år gamal, rangerer barytonsaksofonisten Lars Gullin (1928-76) ikkje berre som Sveriges jazz-ikon, men han er i gullrekkja av verdas barytonsaksofonistar gjennom tidene, saman med Gerry Mulligan, Serge Shaloff, Harry Carney, Pepper Adams og andre. Som komponist skapte han ikkje berre den ikoniske «Danny‘s Dream», men musikk som med sitt særpreg gjekk inn i ein jazz på svenska-tradisjon der dei fleste av musikarane også spelte med Gullin. Det gjorde også vår eigen Bjarne Nerem. Då nokre av jazzens puritanarar gjorde narr av musikken dei kalla «fäbodajazz», svensk for «fjøsjazz», viste han dei alle vintervegen. Eit album med nokre av hans finaste innspelingar frå femtitalet, kom i 1998 ut nettopp med tittelen «Fäbodajazz».

«Lars Gullin, Complete 1958-1960 Studio Recordings», er fire CD-ar med til saman seksti spor der Gullin spelar i mange format, med ein booklet om mannen som trass rusproblem var aktiv til syttitalet, men som hadde sine beste år rundt den perioden desse innspelingane er frå. Han byrja som trekkspelar, vart profesjonell konsertpianist, men fekk hug på barytonsaksofonen, ikkje minst etter å ha høyrt Gerry Mulligan på Miles Davis‘ «Birth Of The Cool» i 1949.

Resten er som det heiter historie, om Gullin som turnerte med amerikanske musikarar på femtitalet og i 1954 var den første ikkje-amerikanske jazzmusikaren rangert som årets nykomar i Down Beat. Jan Garbarek sa i eit intervju for nokre år sidan at å høyre Gullin spele «Darn That Dream» i Molde på sekstitalet var ein magisk augneblink han aldri vil gløyme. Opplev det, du også.

 

Zanussi live

Med kvintetten Zanussi Five har bassisten Per Zanussi med tre saksofonistar i bandet gjort stor lukke både i inn og utland, og «Live In Coimbra» er ikkje den første på merket Clean Feed. Plata vart spelt inn på ein jazzfestival i Coimbra i Brasil Saksofonrekkja med Kjetil Møster, Jørgen Mathisen og Eirik Hegdal i samspel med Zanussi og trommeslagar Gard Nilssen, er ei fortetta oppleving. Møster og Mathisen har begge bakgrunn i The Core, og med samarbeidet mellom dei tre blåsarane er Zanussi Five ei nyskaping innan kvintettformatet. Det startar med blåsarane i felles glideflukt i dei høgare luftlag på låten «Celestia». Temperaturen stig på «Blood Flower», sveiva i gong av Kjetil Møster og rytmeseksjonen, som kompet heiter etter gamalt. Mathisen og Hegdal kjem bakfrå med sine riff, og det blir delt ut nye kort til «Hidden People», i eit format Zanussi gjerne utvidar til Zanussi 13 om det trengst. Og med eit anstrøk av kammerjazz på vegen som heiter «Double Dream», er det berre å gle seg til den viltre avslutninga i «All Wrath».

 

Alaska-jazz

Reisande mellom Ny York City, Alaska og Oslo er trompetist og komponist Yngvil Vatn Guttu på farten med sitt tredje album «On The Crosswalk» med eit internasjonalt band av format, under mottoet «Det er ikkje notane du spelar, men dei du ikkje spelar». «Akutaq» og «Plan B» er hennar album band. Det tredje opnar med tittellåten, og med eit åtte musikarar stort band har Vatn Guttu laga eit verkeleg vakkert album, der det vekslande «ganglaget» i musikken er der frå opningsnummeret. Sidan leiaren var lita, har musikken vore ein del av livet, både på trompet, piano og gitar, og ho utfaldar seg også som kunstnar. «Blues North for 4» heiter neste nummer, «Broadway Bomb» det tredje, med ein og annan norsk låttittel også, som «Sov» og «Sorgenfri». Utanom trompetist Gutu er det to saksofonistar, ein trombonist, piano, bass og trommer. Det er melodisk og krydra med originale arrangement, musikk du kan nyte like godt i alle himmelstrok, med Yngvil Vatn Gutus trompetspel som ei berande kraft.

Med dette ønskjer vi alle god jul og godt nytt år.

 

 

«Just for the records»

Med Open String Departments «Fringe Music» (Just For The Records/Musikkoperatørene) kjem fjerde album frå det nystarta selskapet som i sommar vart lansert med tre album frå tre ulike band. Det fjerde bandet heiter Open Spring Department, albumet «Fringe Music», og det opnar ballet med frisk banjojazz, med Magnus Wiik (banjo m.m.) Espen Bjarnar (gitar) og Aksel Jensen (bass), innimellom forsterka med Stian Carstensen (trekkspel og banjo) og Ola Kvernberg på fele. Lite kan gå gale med eit slikt band, besetninga aukar forventningane ekstra, og med «Yee-Haw» er vi over there, «Dodgefall» likeins, og albumet ber i høg grad preg av at bandet vart fødd på ein roadtrip gjennom Appalasjane. Carstensen og Kvernberg glir naturleg inn i miljøet for å seie det slik, den stunda dei er der eit stykke ut i albumet. Konstellasjonane strengene imellom er mange og originale, og ein låt med Carstensen på trekkspel har prompte fått tittelen «Keep The Audience Away». Dagens musikantar er fryktlause, og Just For The Corner stadfestar inntrykket som ein frisk ny pust i jazzplateheimen.

 

Når saks møter saks

Her er nok eit album med musikarar i den amerikanske Criss Cross-stallen, der det blir spelt både nyskriven musikk og kjende låtar, i dette tilfelle i eit saksofonmøte mellom Seamus Blake og Chris Cheek, med tittelen «Reeds Ramble» (Criss Cross/MusikkLosen). Låtane er henta mest utanfrå, som Chico Barques «Na Carriera» og Eddie Harris’ «1974 Blues», og den endå eldre «I Surrender Dear». Seamus Blake møtte vi sist i bandet Opus 5, Chris Cheek spelte med Blake i «The Bloomdaddies» på same merke. Pianist Ethan Iverson er frå The Bad Plus, Matt Penman spelar bass, og bandet leverer varene.

Mer fra: Nye takter