Nye takter

Kannegaards store verk

Opptak frå to store konsertar med pianisten og komponisten Maria Kannegaard minner oss om ein stor musikar.

Maria Kannegaard

«Tomorrow and the Porch»

«Før eller sidan er det nå»

Jazzland Recordings/Musikkoperatørene

Musikken som er gitt ut i samarbeid med Kannegaard er to bestillingsverk, der det eine er frå Kongsberg i 2011, det andre frå Trondheim 2013. Det er musikk som fangar deg frå første tone, samla i den doble cd-utgjevinga «Maria Kannegaad» (Jazzland/Musikkoperatørene). «Tomorrow The Porch» er prisvinnarkonserten frå Kongsberg, «Før eller sidan er det nå» er bodskapen frå konserten i Trondheim, med to ulike besetningar, frå ein musikar og komponist på høgda av karrieren. «Eg finn meg sjølv i musikken» sa ho då eg møtte henne på Kongsberg. Byen ho kom til frå Danmark då ho var ti år gamal.

«About Tomorrow I Don't Know Nothing», slik opnar teksten som opnar monologen på det første Kongsberg-verket, der Siri Gjære er vokalist, Ola Kvernberg spelar fele, Ole Morten Vågan bass og Thomas Strønen trommer. Strønen spela også trommer på debutplata hennar, «Breaking The Surface» i 2000, i trio med Mats Eilertsen på bass. Den veldefinerte, suggererande, insisterande, og kraftfulle stilen er varemerket hennar. Sjølv har ho sagt at ho er pre-okkupert av form, at musikalske stykke skal fortelje ei soge og ha ei byrjing og ein slutt. Og han skal ei meining. Dette aspektet er noko av det første som slår ein, skreiv eg når eg fekk æra å skrive «liner notes» til debutplata. «Dette er min musikk og innan annans», er Kannegaards bodskap, og ho har Geri Allen og Herbie Nichols som personlege favorittar på piano.

Med ein kalott på hovudet gjekk ho til verket då «Før eller senere er det nå» vart framført på jazzfestivalen i Trondheim i 2013. Med eit nytt stjernelag og ny musikk, denne gongen med Per Jørgensens song og spel, Ola Kvernbergs fele, Ståle Storløkken på alle keyboard, Ole Morten Vågan på bass, og Strønen atter på trommer. Med opningsspora «Frem», «Nå», «Kan ikke vil», og vi er i gang. Det er ei opning som set spor etter seg, med den ustoppelege songar og trompetisten Per Jørgensen som musikalsk pådrivar, avslutta på sporet «Gå, gå, gå». Tøffare i stilen enn det første, men eit nytt meisterverk.

Kannegaard har kunna velje og vrake på øvste hylle av musikarar. På spørsmål om kvifor ho valde nett desse var svaret: «Fordi det var dei eg høyrde i hovudet med tanke på alle dei elementa eg ville ha med i musikken. I tillegg til at dei kvar for seg er fantastiske musikarar som det er ein draum å spele med».

Maria Kannegaard er fødd i København i 1970. Ho har budd i Norge frå ho var ti år. Lista over musikarar ho har spela med er lang. Bandet «Maryland» starta ho med Håkon Mjåset Johansen på trommer, Håkon Kornstad saksofon, og Ole Morten Vågan på bass.

Konserten i Trondheim avsluttar ho med sterke piano-soli på «Følg med», «På vent» i band med «Gå, gå, gå». Musikken til Maria Kannegaard er ikkje berre eit sterkt minne. Vi gler oss til å høyre meir frå henne.

Mer fra Dagsavisen