Kultur

Jazzklubbkvelden tok prisen

Gregory Porter leverte opningskonserten. Klubben Herr Nilsen tok Ella-prisen.

Bilde 1 av 2

KONSERT

Gregory Porter, Den Norske Opera og Ballett

Gary Peacock Trio, Nasjonal Jazzscene Victoria

Hamilton de Holanda, Herr Nilsen

Det gjorde Oslos tradisjonsrike jazzklubb dobbelt, då han som fersk vinnar av årets Ella-pris frå Oslo Jazzfestival var scena for ei av kveldens sterkaste musikkopplevingar med bandolin-spelaren Hamilton Holanda. Etter at basslegenda Gary Peacock hadde levert varene så det heldt på den nasjonale jazzscena Victoria like ved. Alt saman etter at Gregory Porter samla fortent åtgaum under den offisielle opningskonserten i Operaen.

I den nær fullsette norske Opera og Ballett var det Ellen Horn som med stil opna festivalen, og det var duka for musikalske eleganse frå ein Gregory Porter som har sunge seg inn i hjarto til eit stort publikum. I 2012 gjorde han lukke saman med KORK og Solveig Slettahjell, og lista over storleikar han har delt scena med utanlands er stor. Kompet er utan plett og lyte, og den næraste til å samanlikne Porter med stilmessig, må vere Kurt Elling.

Det som sit att sterkast etter den første klubbkvelden er både konserten med den åtti år gamle bassisten Gary Peacock, som i år har gitt eit strålande trio-album. Dinest Hamilton Holanda som med eit strengespel på mandolin trollbatt eit stappfullt Herr Nilsen til midnatt. Somme vil hugse at han i 2013 gav ut ei duoplate ”O que Sera” på ECM med den italienske pianisten Stefano Bollani. Denne kvelden var det bassist Andre Vascnoncellos og Thiago Lima de Brito som følgde han til døra på ein fantastisk konsert.

Om Gary Peacock er å melde at om tida vart for knapp til eit avtalt intervju, gjorde bassisten som i tretti år har vore med i tidenes trio med Keith Jarrett og Jack DeJohnette, opp for alt, i selskap med pianisten Marc Copland og trommeslagar Mark Ferber. Landing same dag, før avreise neste dag klokka sju med bassen medbrakt, det er livet for ein meister Peacock.

Mer fra Dagsavisen